Eg skjulte smilet mitt med votten. Trass i at språket ikkje heilt var på plass var her likevel både kommandoliner, arbeidsstruktur og rollefordeling hjå smårollingane.

Ein hadde si fulle hyre med tunnelen som liksom måtte bli ferdig. Han var altfor opptatt til å ense dei visjonære gestikuleringane frå nummer to, den sjølvoppnemnde arbeidsleiaren. Den tredje klappa med spaden og fordjupa seg i sitt, og utførte møysame smakskontrollar av sandkakene.

Det var noko komisk søtt med dei små vesena. Saman, men ikkje i lag. Dei fekk meg til å tenke på min jobb i eit anna og litt større vesen. I 2001 blei dette helsevesenet organisert som føretak, eit firma. Dei vaksne hadde latt seg inspirere og tenkte: «Forretning og helse har jo begge godt av å leike i lag». Men likevel har desse i sandkassa aldri heilt blitt vener. Jamvel om struktur og roller er på plass, styrer dei kvar med sitt. Vi taper enorme summar fordi vi ikkje fattar kva vi driv med. Kva helsehjelp eigentleg er. Forretningsideen om du vil.

Men er det i grunn så vanskeleg?

Helsehjelp behovet du får når hjartet som i femti år har slått i takt med deg ikkje gjer det lenger. Eller tarmane vrir seg så du får så vondt at du ikkje held ut. Når du passerer terskelen for å bry andre, og berre må ringe. Maktar det ikkje lenger på eiga hand.

Då treng du først omsorg og deretter at nokon finn ut kva som feilar akkurat deg. «Akkurat deg» fordi folk blir unike når dei blir sjuke og «omsorg» fordi dette er vesentleg: Det er her forretning og helse mister kvarandre! Det som skil helsehjelp frå å sette saman ein Toyota eller klippe hår. Å bli kunde vel du. Å bli sjuk, skada eller sårbar vel du ikkje. Likevel skjer det. Som oftast uventa! Og då treng du ho; Omsorga. Eg talar ikkje her om dulling og pjusking, men det eine som skil den sjuke frå kunden.

Omsorg er sjela i helsetenesta. Ho skjer når eit empatisk menneske møter den lidande. Ho kan ikkje tidfestast eller planleggast. Ho oppstår, på eit vis. Og fordi ho har uendeleg verdi er ho òg uråd å telje. Det er også svakheita; at ho passar så dårleg inn i prosesskart, resultatstyring og finansieringsordningar. Når vesenet blir pressa til å rasjonalisere vektlegg ein det som kan målast eller teljast. Og omsorga forvitrar.

Omsorg er instinktet vesenet blir dressert til å undertrykke.

Hadde ein berre forstått ho! Tru det eller ei, men folk blir raskare frisk om dei blir vist omsorg. Ho er kostnadseffektiv, så å seie. Slik barn lærer meir om dei får leike.

Bakom omsorga, går det samstundes føre seg ei kompleks vurdering. Unik for «Akkurat deg». Slik skreddaren tenkjer mål og saum når han ser kroppen framfor seg. Vesenet lar lett seg freiste til å standardisere og automatisere. Presse den sjuke i ei drakt som passar ingen. Men sjølv om blindtarmen er den same, må ein litt blyg tenåring handsamast annleis enn ein redd sekstiåring som er operert i magen tre gongar før.

Skreddarsaum, ikkje samleband. I staden må vi respektere pasientmøtet. Skiskyttaren veit å roe ned inn mot standplass. Slik er det òg med pasientmøtet: treffer ein godt på første, er mykje gjort! Likevel held vi fram med å finansiere helsetenesta per passering; vi skyt fort, triv stavane og peisar mot nok ein runde. Også den takstar vi! Fleire utgreiingar, prøver og kontrollar. Overbehandling.

Profitt for sjukehuset, men kostbart for land og folk.

Når hekkane står med fast avstand runde for runde er det både lett og lurt å telje. Men slik er det ikkje med hindringane pasientane møter. Altfor mykje krefter går med til å måle det som ikkje lar seg måle. Telje det som ikkje tel. Det utviklar seg eit stadig større «metahelsevesen» der høgt utdanna blir tatt ut av «produksjonen» for å gje ein stadig større straum usikre, unyttige tal. Kontrolloppgåvene syg oss bort frå pasientane. Vi sit ved PC-en. Endå eit skjema. «Atter en konge». Ein illusjon om kontroll. Vi klikkar. Kontroll C. Kontroll V...

La oss heller legge til rette for at den hjelpande kan bruke mest mogeleg av tida si til å hjelpe. Gjere det berre dei kan. Det kirurgen kan. Det diabetessjukepleiaren veit best. Det som faktisk gjev verdi.

Og å la andre gjere alt det andre.

Vi må slutte å seie at vi har for lite til å bruke helsepersonell til det vi trena dei til: Omsorg. Så Hjelp.

Menneske trivst dårleg på samleband. Folk blir unike når dei blir sjuke. Skal vi bruke mindre på å hjelpe fleire må vi verken sette pasienten eller den hjelpande først. Men respektere møtet mellom dei. Og effektivisere alt rundt.

Eg vart sittande på sandkassekanten å sjå på dei tre små vesena. Saman, men ikkje i lag. Samstundes vitna dei små om ein kvalitet som ikkje må tapast men ryddast rom for. Og tid til. Som gjev avkastning seinare. Nett som oss i det store vesenet.

Spørsmålet er om vi vågar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!