Eg sende inn eit tilsvar til dette, og påpeikte at val av Kvasnes som lokalitet for anlegget i alle fall ikkje er basert på grundige prosessar.

Sula har hatt godkjende planar for reinseanlegg sidan 2012, kommunestyrevedtak K-039/12. Dette seier at reinseanlegg RA 1 i Langevågen skal rustast opp, og utsleppsleidninga førast ut forbi Æhammarsvika. Nytt anlegg RA 14 skal byggast på Sunde, og slamavskiljarar leggast ved Eikrem og Sulebust. Vedtak K-078/13 seier at anlegget på Sunde skal ligge på Olamyra.

19.02.2016 kom eit brev om at Tekniske Virksomheter i Ålesund og Sula hadde hatt eit «ganske spontant bestemt» møte og blitt enige om eit samarbeid. Dette brevet foreslo Leirvågfjellet for mulig plassering av eit felles anlegg, og at utsleppet skal til Storfjorden. Her var det altså gjort klart at eit slikt anlegg skal til Indre Sula. Sidan har andre alternativ ikkje vore aktuelle. Etter Sunde var det snakk om Lahellestranda, og deretter Kvasnes, men andre alternativ var uaktuelle. Grundig prosess?

I kronikken 5/1 vart det nemnt at Eltrane er vurdert, og forkasta. Eg veit at dette har vore sagt av leiaren av prosjektgruppa Elin Nerem når ho orienterer om saka, men eg trur ikkje det er rett. Ho har også sagt at å legge det vest for Sandvika er vurdert, men forkasta fordi vegane i Langevågen ikkje vil tole anleggstrafikken. Dette er feil, ifølge Statens vegvesen.

Bebuarar rundt Kvasneset har samla inn over 1500 protestunderskrifter mot plasseringa. I samanheng med dette har Tore Johan Øvstebø og Dag Olav Tennfjord igjen gått ut i Smp (15. januar), der dei mellom anna skriv at « … det er uaktuelt å plassere et renseanlegg på Eltrane. Dette er et alternativ motstanderne av Kvasneset ønsker å utrede.»

Dette er feil! «Motstandere av Kvasneset» har aldri krevd at Eltrane skal utgreiast som lokasjon for anlegget. Eg rekna med at dei hadde dette frå Nerem, så eg spurde både ho og dei to karane kor dei har det frå. Alle saman svara at dei ikkje veit kor påstanden stammar frå, og at dei difor ikkje kan svare meg på dette. Den påstanden dei set fram i Smp 16/1 er altså usann.

Det har vore mykje usant i denne prosessen. Ved fleire høve har vi fått høyre at val av Kvasnes som lokasjon er «vurdert av dei fremste fagmiljøa i landet». Når vi spør kva for fagmiljø det er snakk om, og kva vurderinga går ut på, då nektar dei å svare. Det er veldig tydeleg at påstanden er usann.

Dette er ei veldig alvorleg sak for kommunane. Det er snakk om svære utgifter. Det er også ei veldig alvorleg sak for dei som vert berørte av det, og får kloakkanlegget rett ved husa sine. Den løysinga som vil vere best for miljøet, samtidig som den ikkje lager konfliktar med bebuarar, det er å legge anlegget utom Æhammaren (vest for Sandvika), og føre avlaupsvatnet vestover utom Eltrane.

Det er tragisk at dette ikkje har vore seriøst vurdert.