Godt nytt år til alle som har følgt meg så langt i dette innlegget.

Mange hendingar har prega nyheitsbiletet sidan vi tok julefri. Både trettandag og tjuanddag jul er passert, sjølv om rett mange framleis let juleutelysa framleis vere tende.

Nokre svært triste hendingar har råka oss nasjonalt. Leirskredet i Gjerdrum og no sist hyttebrannen i Nordland rystar oss alle. Vi kan sende gode tanakar og bøner til og for dei som sit att i sorg.

Situasjonen etter presidentvalet i USA er ein gjengangar mellom nyhenda. Trumf er ein splitta person. Utan politisk røynsle har han sete som president i ei av verdas viktigaste land. Nær halvparten av folket ville ha fire nye år med denne mannen. Mykje gjekk bra dei fire siste år. Koronapandemien og merkverdige utspel frå Trumf har likevel gjort biletet av denne 74-åringen svært så vanskeleg å svelge. Hans tid som politikar er for alltid slutt. Eg vonar at dei som no tek over samla sett vil få vår næraste allierte på rett spor att, med demokratiet som leiestjerne.

Vi må nærme oss det regionale og lokale. Her er mykje å gripe fatt i for ein som likar å sitje stunder ved datamaskinen. Sunnmørsposten kjøper Nytt i Uka med løfte om at sistnemnde framleis skal leve vidare. Nytt i Uka har vor eit friskt pust i avisverda her hos oss dei siste tiåra. Eg er skuffa over det som her skjer. Kanskje Harald Grytten har rett i at dette er starten på slutten for denne vekeavisa. I kva grad Sunnmørsposten kjem til å «styre» alt som eigarar, står att å sjå. Den sjølvstendige avisa Nytt i Uka er i alle høve borte, kanskje for godt.

Ålesund kommune og litt politikk må eg også innom. Politiske vedtak skal i god norsk sedvane setjast ut i livet av kommunen sin administrasjon. Alt på første møtet i kommunestyret fekk vi ei viktig sak på bordet der dette ikkje var gjort.

Saka gjeld som dei fleste no veit økonomien til dei av våre innbyggjarar som ofte har minst å rutte med. «Barnetrygda skulle haldast utanfor når sosialstønad skulle utreknast.» Her må særleg øvste leiar Astrid Eidsvik tole sterk kritikk. Dette er rett og slett uhøyrt! Kommunebudsjettet er stramt, men ikkje orsaking for det som her har skjedd. Tilliten peikar nedover, her må arbeidast hardt for å snu pila.

I same rennet kan vi ta med harde styrkingar i kulturbudsjettet. Vi hugsar alle minst eitt år tilbake! For eit år sidan var Fjord Cadensa utpeika som eit prosjekt å satse på framover for nye Ålesund. No har prosjektet kome på lista over strokne tiltak for 2021. Skuffande! Sviktande lovnader er harde å svelge.

Omdømebygging er eit omgrep vi tidvis støyter på. Jostein Tomren har eit leseverdig innlegg i Bygdebladet si siste utgåve. Du har så rett i dine påstandar, omtale og vurderingar av det vi sit att med etter 1 år i nye Ålesund. Omdømet har dette året vorte bygd ned! Det er trist og slett ikkje lett å rette opp att. Eg vonar dette arbeidet startar straks. Dersom det ikkje skjer, vil nedoverbakken halde fram med aukande fart.

Rett før jul utfordra eg avisene «våre» på tankane frå Hilde Ellingsæter i Nordre om at nye Ålesund «ikkje er liv laga». Få har reagert så langt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!