Dei skriv at mellom dei mest sentrale faktorane som tel i val av lokasjon er miljøgevinst og kostnader ved utbygging.

Eit skikkeleg kloakkreinseanlegg vil bety ein stor miljøgevinst, men å pumpe kloakken frå Ålesund og Langevågen i rør 20 km innover i fjorden vil redusere miljøgevinsten mykje. Det vil kunne oppstå sterk lokal forureining sjølv om fjorden er stor og har mykje vatn. Det er betre at kloakkvatnet vert ført ut mot havet, så det kan spreie seg i havvatnet der faren for lokal forureining er eliminert.

I debatten om dette har det heile tida vore argumentert med at fjordstraumen går vestover, slik at kloakkvatnet vil bli ført til havs.

Måndag 5. mars 2018 vart det arrangert eit orienteringsmøte på Sula Ungdomsskule. Her fortalde ordførar Røssevoll at ein ikkje har valt lokasjon for anlegget, og forsikra oss om at dette skulle verte avgjort på grunnlag av kunnskap, mellom anna gjennom straummålingar.

Det blei på møtet sagt at vatnet er på veg mot havet med ei fart på 25 cm i sekundet, noko som vart stempla som særs gunstig.

På dette grunnlaget vedtok kommunestyret 3. mai å gå vidare med utgreiing av reinseanlegg på Kvasneset.

No er straummålingane gjort, og dei har vist at straumen i fjorden går like mykje innover som utover. I lange bolkar av måleperioden har straumen gått hovudsakeleg austover (innover). Grunnlaget for vedtaket var altså feil.

Straummålingane har kosta om lag 1,5 million kroner, så det er dyr kunnskap. Kva vil dette bli brukt til?

SN, DOT og TJØ har fått ei orientering om saka frå Elin Nerem (EN). Dei har fått vite at ei plassering av anlegget på Eltrane ville ha vore endå betre, men at dette er forkasta. EN ga den same orienteringa på Spjelkavik Ungdomsskole. Då kom ho også inn på Eltrane, og sa at det var forkasta pga. manglande veg, straum og vatn.

Det har vore foreslått å legge det vest for Sandvika/Molvær, utom Æhammaren, og å pumpe avlaupsvatnet i røyr vestover, ut mot havet. EN nemnde så vidt dette, men slo det vekk med at vegane i Langevågen ikkje er gode nok til å tåle anleggstrafikken.

På nettsidene til Statens vegvesen finn vi at Molværsvegen (frå Langevåg sentrum til Molvær) har 10 tonn akseltrykk. Kvasnesvegen har 8 tonn akseltrykk.

SN, DOT og TJØ skriv om kor luktfritt eit slikt anlegg vil vere, og nemner som døme anlegget på Odderøy ved Kristiansand. Her går lukta opp gjennom ei 30 m høg pipe. Rundt pipa er det nesten luktfritt. Dei meiner at det vil bli slik på Kvasnes og Veibust også.

Det er litt naivt å tru at lukta forsvinn dersom ho vert sendt til vers gjennom ei pipe. Det er vel ein grunn til at pipa vart bygt? Lukta kjem vel ned att einkvan plass. Eg har sett lesarinnlegg i aviser som fortel at folk i båt på fjorden tidvis må halde seg for nasen.

Det er heller ikkje vanskeleg å finne avisoppslag om lukt ved andre reinseanlegg, i til dømes Drammen, Holmestrand, Lillehammer, Åse og ei rekke andre stader.

Det har vore påstått at Kvasnes er vurdert som «gunstig» av «dei beste fagmiljøa i landet», men når vi spør kven desse fagmiljøa er og kva vurderingane går ut på, då nektar dei å svare.

Dersom anlegget vert plassert utom Æhammaren vest for Sandvika vil ein sleppe all konflikt som kjem av at ein med dei noverande planane vil legge det midt inne i eit bustadområde. Utanfor Æhammaren er der ingen naboar, og det vil vere lett å legge naudsynt veg, vatn og straum utover. Her ville det også vere mogleg å plassere råtnetankar for metangassanlegg.

Det er tragisk at det alternativet som kunne ha løyst alle kontroversielle spørsmål vert lagt til side utan utgreiing. Dette er det motsette av ein grundig prosess.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!