Det ironiske er jo at dette er hovudargumenta MOT vindkraftindustri på fjellet, at industrien nettopp påfører natur og miljø og menneske uboteleg skade.

I same avis, den 16. januar, kan politiet opplyse om at det kan godt hende det er pensjonistar som har vore på ferde! Det må vere lov å seie at folk på øyane har fått eit nokså anstrengt forhold til politiet, etter måten dei har aksjonert på. Og stasjonering av bobilen som politiet sitt «hovudkontor» på Austnes provoserer. Dei er visst straks klare til å assistere, viss Stangeland sine folk skulle «rynke på nasen».

Ikkje noko forsvar av hærverk, men det må vere lov å stille spørsmål om politiet sin ressursbruk, utan at politiet av den grunn skal føle seg trakka på tærne. I smp. 13. januar har byggeleiar Dag Øverås falle for fristelsen til å trekke inn « amerikanske tilstandar» om det som skjer på øya vår. Det er så visst ikkje «å ligge lågt, og unngå å fyre opp under stemninga …» som dei seier at dei vil gjere. Det er ein graverande insinuasjon å kome med.

Politisjef Solheim heng seg også på tanken om «konspirasjonsteoriar». Det er verkeleg å håpe at vårt samfunn ikkje skal likne meir og meir på det amerikanske, slik det openberrar seg for oss i media. Sørgeleg nok ser det ut som om vi nettopp er på « god» veg mot dette kapitalistiske virvaret, der kapitalkreftene styrer, med stødig hand, og profitt, suksess og forbruk er det som tel. Nettopp i slike samfunn får konspirasjonsteoriar grobotn.

Sukker i støyp, lim i låsar, steinar i vegen, hakk i dieseltankar … Ikkje så bra og tåpeleg å gjere!

Men å trekke inn dei forferdelege tilstandane i USA og samanlikne dei med det som går føre seg på Haramsøya, er til å verte djupt provosert over, Øverås! Ja, i eit demokrati er det politiet sin jobb å etterforske kriminalitet, Solheim! Men i eit demokrati er det også politikarane sitt ansvar å lytte til folket som dei har som mandat å tene, den tankerekkja dukkar naturleg opp her.

Det er ei kjensgjerning at det ein fokuserer på, gjerne veks. Difor kan desse relativt store medieoppslaga i verste fall trigge til meir hærverk på fjellet. Konspirasjonsteoriar eller ikkje, så skadar alle reportasjane, slik dei er utforma, vindkraftsaka og dei som er imot denne industrien i naturen vår. Politiet bør etterforske når det skjer hærverk, men å blåse opp det som skjer på denne måten, og kome med provoserande og stygge påstandar i media, bør dei slutte med, både leiar i Sunnmørsposten, byggeleiar og politisjef.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!