I mange år budde eg i det største fylket i landet; Finnmark fylke – større enn Danmark, men med folketal som ein liten storby i Norge – litt større enn Ålesund.

Denne fortellinga skal handle om både Ålesund, Molde og Kristiansund. Eg er verken finnmarking, møring eller romsdaling. Eg er vesteråling, som bur i Molde, og no skal eg sjå ting frå utsida.

Så lenge Finnmark fylke var eit fylke, med eigen fylkeskommune, var Vadsø sete for stats- og fylkesadministrasjon; ein kommune med eit folketal omtrent som Averøy, eller som Surnadal.

Før det, langt attende i tid, var Vardø hovudsete i Finnmarkens amt. Vardø ligg lengst aust i landet, og det austlegaste punktet i landet er i Vardø. Amtet var samansett av dagens Finnmark i tillegg til Senjen og Tromsø fogderi; omtrent som Finnmark og Troms i dag. Vardø var danskekongen sin by; byen med Vardøhus festning frå 1307, før dansketida; byen kor kong Christian Kvart sette sine spor. Alltid ein open og inkluderande by.

Artikkelforfattar: Terje Albregtsen. Foto: Privat

Etter kvart som nabobyen Vadsø tok over rolla som administrasjonssete for staten, og seinare også for Finnmark fylkeskommune, tapte Vardø stadig fleire av sine regionale funksjonar. Vardø hadde i utgangspunktet hatt fleire offentlege institusjonar enn Vadsø, men var samtidig godt fundert på fiskeråstoff frå Austhavet og Barentshavet. Ei slik rolle har Vadsø aldri hatt.

Eg kom som lærar til den vidaregåande skulen i den stolte byen Vardø for godt over 40 år sidan. Seinare var eg i fleire år journalist på NRK sitt distriktskontor i Vadsø; ein by som då hadde mange offentlege byråkratar, hemmelege militære, lærarar og journalistar.

Det eg var vitne til i åra som gjekk, det var at vardøværingar ofte vakna opp til at no var ein ny stein i byen sin gamle grunnmur plukka vekk. Etter at dei hadde snudd seg, oppdaga vardøværingane at byggeklossane var flytta til Vadsø. I dag er Vardø nede i eit folketal mindre enn Smøla, og Vadsø vaks til gjengjeld lenge, men ikkje no lenger.

No sit finnmarkingane, både i Vadsø, Vardø og mange andre stader, att med skjegget i postkassen. Det stolte fylket har blitt tvangsinnlemma i Troms; med dekknamnet Troms og Finnmark. Fylkes- og statsadministrasjonen i Vadsø er marginal, og minkande. Det meste skjer i Tromsø.

Arbeidsplassen min i Vadsø er på det næraste borte. NRK har flytta til Alta, og Alta er storbyen i Finnmark. «Alta tar alt.» Folketalet i den største finnmarkskommunen er litt mindre enn i Kristiansund.

Eg ser for meg at den hysteriske kommune- og regionreforma som vi har vore vitne til, med tvang og lureri på alle kantar, kjem i stor grad til å bli oppheva i nær framtid. Men eg trur ikkje at alt blir som før.

Sei no at Troms og Finnmark blir delt til det som var før reforma. Vardø vil leve på si historie. Dei tar vare på festninga som aldri har skote eit skot – berre lauskrut for sola. Men fisken blir no fanga av det fjerde største fiskeværet i landet; Bærum kommune.

Nabobyen Vadsø, «byen bak nedrulla gardiner», har gått inn i ein depresjon som er meir tung og alvorleg enn det mindreverdskomplekset som byen hadde før. Eg trur ikkje at Vadsø lenger har livskraft nok til å reise seg til det som byen ein gong trudde at han var.

Då er det at Alta kjem på banen. I Alta finn byråkrat, gründer, konsulent, kremmar, lærar, journalist og påverkar seg godt til rette. Dei kjem i samla flokk til krevje, og vente, at både stat og fylke skal ha sete i Alta. Skriv det ned på ein lapp, og ta vare på han for meg!

Så langt Finnmark. No til Møre og Romsdal. Oftare og oftare blomstrar misnøyet med Møre og Romsdal lengst nord i fylket, og kvar gong er det fare for at fylket kan visne vekk. Siste dramatiske hendinga er det store spelet om fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Regi: Helseregionane Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge.

I den samanhengen har eg spådd at om ikkje Romsdal opptrer i solidaritet med Nordmøre, så kjem ein stor del av Nordmøre til å forsvinne til Trøndelag.

Allereie har halsabyggen gått til Trøndelag, og blitt til heimfødingar, mens rindalingane blei borte eitt år før det.

Om heile eller mesteparten av Nordmøre flyttar, så er det berre eit tidsspørsmål før fylket vårt er historie. Sunnmøringane blir vestlendingar, mens romsdalingane truleg kjem til å kivast om dei skal hit eller dit, før dei blir tvangsflytta ein eller anna veg.

Så gjer vi til slutt det same tankeeksperimentet som med Troms og Finnmark. Dei nye fylka vil vise seg å ikkje bli så lukkelege. Skilde kan òg ønske seg saman att. Blir då alt som før?

Kristiansund blir Kristiansund. Der kjem dei til å ta vare på si stolte historie; rett nok med ein danskekonge litt etter Kvarten. Det var Christianus Sextus som var i klippfiskbyen.

Kva med Molde. Har Molde ei stor, stolt og gamal historie å vise til? Fylkesbygget i Molde er truleg større. Det står ikkje i historiebøkene at Molde var ein stad kor kaksane i Kristiansund hadde sine feriehus. Kan Molde få tilbake sin status som fylkeshovudstad?

Nei, det kjem ikkje storbykommunen Ålesund til å gå med på. Hadde dagens Ålesundsordførar fått det som ho ville, så hadde ho vore tsarina for heile Sunnmøre i dag. Og med fleire slike ordførarar i framtida, så kan småbyen Molde sjå langt etter å få tilbake sine gamle statlege og fylkeskommunale funksjonar.

Motto i denne fortellinga er at om ikkje regionane, eller fogderia, held meir saman, og viser meir solidaritet med kvarandre; det betyr at dei største og sterkaste deler med dei minste, så står Møre og Romsdal for fall.

Skulle det knuste fylket reise seg, og bitane finn saman att, så blir bitane til eit nytt puslespel, kor nye bitar kjem til å vise eit heilt anna bilete enn før. Vinnaren kjem til å vere byen i sør, i nord kan det berre bli betre, men taparen kjem til å vere byen i midten, uansett kor mykje rosene skal bløme i sørhallinga i Molde. Sjå berre på Finnmark!

Så hald saman i solidaritet, Møre og Romsdal, uansett kva helseføretaket finn på!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!