Klimagassutsleppa i Noreg er på veg ned, men ikkje raskt nok. Eit taktskifte må til for å stanse den globale oppvarminga, som truar framtida vår meir enn koronapandemien.

Alle kjem til å merke denne omstillinga. Du og eg, kommunar og fylkeskommunar, bedrifter og frivillig sektor. Omstillinga betyr nye moglegheiter for næringslivet, reinare luft og betre liv for dei fleste.

Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Planen viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet i Parisavtalen og samstundes skape grøn vekst.

Verkemidla er avgifter på klimagassutslepp, støtteordningar for klimavennleg teknologi og ulike reguleringar. Vi stiller klimakrav i offentlege innkjøp og held fram med å satse på forsking og innovasjon. Vi skal framleis vere med i EUs kvotesystem som set eit stadig lågare tak på utslepp frå industri og oljeverksemd, og vi skal redusere utslepp og auke karbonopptaket frå skog og andre areal.

I offentlege innkjøp tar vi sikte på å stille krav om nullutslepp for personbilar og lette varebilar i 2022, og for bybussar frå 2025. Tilsvarande blir det krav om låg- eller nullutslepp for ferjer i løpet av 2023 og hurtigbåtar i 2025, der det ligg til rette for det.

Regjeringa held fram med politikken som har ført til at over halvparten av nye bilar i fjor var elektriske. I 2025 skal alle nye personbilar og lette varebilar ha null utslepp. Biodrivstoff-volumet i vegtrafikken skal haldast på likt nivå som no, for å sikre reduserte utslepp frå dei som framleis køyrer fossilbilar. Det blir omsetningskrav for biodrivstoff til anleggsdiesel og skipsfart frå 2022.

Vi varslar òg eit grønt skatteskifte. CO₂-avgifta vil bli gradvis trappa opp frå dagens nivå på 590 kroner til 2.000 kroner i 2030. Avgifta for utsleppa frå olje- og gassnæringa og luftfarten som er kvotepliktige vil vi òg trappe opp i takt med avgifta på ikkje-kvotepliktige utslepp. Auken skal sjåast i samanheng med kvoteprisen.

Avgiftsauken skal motsvarast av andre skatte- eller avgiftslettar. Med auka CO₂-avgift vil det løne seg meir å investere i klimavennleg teknologi: Bestille ein hydrogenlastebil i staden for ein som går på diesel, og bruke fornybar straum i staden for fossile løysingar. Auken i avgifta vil gjere det lønnsamt for olje- og gassnæringa å ta i bruk løysingar med mindre utslepp og førebu dei på ei nær framtid med høgare kvoteprisar og strammare klimapolitikk.

Vinnarane er verfta som byggjer elektriske ferjer, fabrikkar som vil produsere hydrogen og transportselskap som fraktar ting på ein miljøvenleg måte. Dei som vil ta ein sjanse og investere i ny, klimavenleg teknologi skal vite at dei har regjeringa i ryggen. Og dei skal ha føreseielege rammevilkår i åra framover. Det får dei med denne planen.

Ein god klimapolitikk får ned utsleppa og skapar moglegheiter for folk. Ein god klimapolitikk er også god næringspolitikk. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga, og med regjeringa sin nye klimaplan gjennomfører vi det grøne skiftet og omstiller Noreg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!