«Fylker som roper etter mer penger fra Oslo, kan ha godt av å starte med å se nærmere på egen drift» skriv avisa Nordlys i ein leiar 29. januar. Kanskje det snart også går opp eit «lys» for Sunnmørsposten ang grunnlaget for skyhøge ferjeprisar her i fylket?

Når Sunnmørsposten presterer å framstille det Ap- og Sp-styrte Møre og Romsdal som nesten «stakkarsleg» som liksom må bruke «sparepengane» på ferjedrift.

Kva er fylkeskommunen?

Er ikkje dette eit forvaltningsledd som får midlar frå staten til å levere tenester til innbyggjarane og næringslivet? Når har Sunnmørsposten tenkt å begynne å fokusere på korleis skattepengane til innbyggjarane her i fylket faktisk blir brukt?

Avisa Nordlys klarer dette, medan her i fyllet er det Frp som faktisk forlanger at skattepengane skal brukast på vidaregåande skular og ferjedrift, som blir forsøkt hengt ut.

Når den største avisa i regionen totalt mangler kritisk blikk og journalistikk mot dei som styrer fylket blir den oppfatta meir som eit mikrofonstativ for Ap.

Ein fylkeskommune som leverer rekordoverskot kuttar i vidaregåande skular, kuttar i busstilbodet, kuttar i ferjedrifta med 20 mill. kroner, innfører Autopassdirektivet sjølv om dei ikkje måtte (fekk løyve til fortsatt bruke riksregulativet med FRAM app for personbetaling), auka ferjeprisane til himmels og i staden brukar pengane på opera og bypakkar og område som fylket ikkje har ansvaret for.

Frå før har mange kritisert Sunnmørsposten for berre å vere opptatt av Møreaksen og slett ikkje saker her på Sunnmøre, No ser det mest ut som alt er normalt når romsdalskandidaten frå Ap skal løftast fram.

Frp er vane med heftig valkamp med raudingane, men hadde venta at dei som forvaltar skattepengane her i fylket, blir utfordra av kritisk journalistikk.

Uansett, vi kjem til å fremje framlegg på framlegg i fylkestinget for lavare ferjeprisar, og, krevje øyremerking av midlane frå staten til fylka, slik at Sp og Ap ikkje kan bruke skattebetalarane sine pengar på ikkje lovpålagde oppgåver.

Frank Sve,Fylkesleiar, gruppeleiar og 2.-kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal Frp

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no