Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ga høyringssvar sist veke.

Senterpartiet er sterkt kritisk til eit slik forslag, og vi fekk fleirtal for dette rådet saman med FrP, SV og MDG:

Fylkesutvalet rår til at det ikkje vert lovfesta at det kan innførast portforbod som smitteverntiltak mot covid-19.

Grunngjeving:

  1. Det er ikkje godtgjort at portforbod er eit avgjerande smitteverntiltak. Forsking viser at portforbod har liten effekt på smittevern. Folkehelseinstituttet seier at den marginale effekten av eit portforbod er liten.

  2. Smittevernlova §4-1 og §7-12 gjer det mogleg med iverksetting av tilstrekkelege tiltak mot smittespreiing, om dei blir brukt på beste måte.

  3. Det norske samfunnet er fram til no kjenneteikna av tillit, og Norge har hatt relativt god kontroll på smitteutviklinga. Smittevern må bygge vidare på denne tilliten, på oppdatert kunnskap og open informasjon.

  4. Portforbod vil ramme svært skeivt og gå ut over dei med dårlegast butilhøve, personar med særskilde behov og særleg sårbare grupper.

  5. Portforbod er ikkje ein del av norsk rettstradisjon og utfordrar menneskerettane.

  6. Omkostningane med portforbod er ikkje utgreia.

  7. No har vi covid-19 (i stadig nye variantar). Alvorlege infeksjonssjukdommar som spreier seg lett vil oppstå igjen og igjen. Difor må det arbeidast på heilt andre måtar med forebyggande tiltak, kunnskapsspreiing og vaksineproduksjon. Kommunar og fylke (statsforvaltar eller fylkeskommune) må kunne sette i verk tiltak etter geografiske variasjonar og behov.

Kristin Sørheim,Møre og Romsdal Senterparti

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no