Vi helsar dette velkomen, og ser det som positivt at også sosialistiske parti har tankar om reduksjon av skattar og avgifter til folket.

Dessverre ser det ut som Ap tek enkelt på saka om å halvere prisen på ferjebilletten. Det kan virke som om ikkje Ap ser at private selskap opererer på andre måtar enn offentlege selskap. Det er stor forskjell på å vere styrt etter aksjelova enn forvaltningslova. Etter aksjelova er selskapet pliktig til å skape profitt, då tap ikkje er i tråd med lova. Sjølv om lovene våre er politisk vedtekne, ser vi ofte at sosialistiske politikarar har problem med at private selskap skal skape profitt på det som blir oppfatta som offentlege tenester – slik som barnehage og sjølvsagt ferjedrift.

Problemet for Ap er at når staten blir største kunde, går dei ofte inn og regulerer inntektspotensialet. Til dømes har apotekbransjen det slik, noko som har ført til at apoteka har utvida sortimentet sitt innanfor kosmetikk og pleie for å kunne overleve økonomisk. Med eit slikt bakteppe ser PDK at drift av ferjer burde vere eit statleg ansvar.

PDK har Sverige som forbilde for drift av ferjetrafikk. Der er ferjene ei forlenging av vegen, og det er gratis. Slik bør det også bli i landet vårt. Dei skattar og avgifter staten tek inn på bilhald bør vere meir enn nok for støtte staten i drifta. Korleis skal ein få nok skatteinntekter til staten, spør sikker nokre. PDK vil ha ned storleiken på staten, og dermed minske på behovet for skatteinntekter.

Gratis bruk av vegar og ferjer aukar sjølvsagt mobiliteten, og næringslivets konkurransegrunnlag og inntening. Det gjer det lettare for turisme og reiseliv då tilgangen til rurale strøk aukar, og det blir lettare å ha reiselivsnæringar i småskala fleire stadar. Dette er positivt for lokalmiljøa, og ein fordeler mengda turistar over eit større område. Kanskje turistane blir ei natt til?

Fjerning av veg- og ferjeprising er ikkje noko valflesk frå PDK. Vi vil jobbe for dette, og veit at ein slik prosess tek tid. Vi er eit tradisjonelt konservativt parti som er for lågare skattar for folket, meir sjølvråderett for folk og kommunar, og for verdiskaping i næringslivet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!