Det betyr at utslepp av klimagassar skal takast opp av naturen eller menneskeskapte tiltak (industrielle) tiltak. Norge har sagt ja til dette og må sette inn tiltak for nå målet. Eit av dei viktigaste tiltaka er å redusere kraftig CO₂ – utsleppa.

Forbrukarane rundt om i verda er stadig meir opptekne av varene og ikkje minst matvarene dei kjøper, sin påverknad på klima og miljøet. Det er ikkje naudsynt å vere stor spåmann for å meine at dette vil vere viktig for fisken vi skal sende ut på marknaden rundt om i verda.

Vi har sett elektrifisering av skip, særleg av ferjene rundt oss. Og meir av dette vil kome også på fiskefartøy. Men fleire alternativ må til skal vi nå våre mål.

Det er klart at kampen mot CO₂ fram mot gode alternativ vil koste pengar. Og då kan fiskebåtrederia lære noko av NOx fondet. Der har rederia betalt inn til fondet ei avgift basert på mengde av NOx utslepp. Og så har dei fått økonomisk støtte frå fondet til NOx reduserande investeringar både på eksisterande og nye fartøy.

Noko slikt vil vere framtidsretta også for fiskefartøy. Og det vil gje dei styrke til å levere fisk på verdsmarknaden med klimastempel. Det stempelet er framtida! Derfor er ikkje ordførarane sin protest framtidsretta.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!