No vel vi fornuft og humanisme framfor utdaterte fordommar. Dei som slit med rus skal få hjelp, ikkje straff. Slik kan dei også få fridomen og menneskeverdet tilbake.

Venstre står i spissen for regjeringa si rusreform, der ansvaret for samfunnet sin reaksjon på bruk og eige av illegale rusmiddel vert overført frå justissektoren til helsetenesta.

Det er eit stort gjennomslag, etter fleire tiår med eit strafferegime som ikkje har fungert.

Straff avgrensar ikkje narkotikabruk. Det slår Rusreformutvalet fast. Utvalet sin 416 sider lange fagrapport har sett på internasjonal forsking og erfaringar frå andre land. Kunnskapsgrunnlaget er eintydig. Å straffe folk som slit med rus fungerer ikkje. Tvert imot kan det føre til at dei vegrar seg frå å søkje hjelp.

Norge er i overdosetoppen i Europa. I staden for å gå ned så stig våre sjølvmordstal, og det har truleg også ein samanheng med rus. Det er dramatisk. Rusreforma kan vere eit svar på denne utviklinga.

Problema startar ofte lenge før rusen vert avhengigheitsskapande. Ei rekkje studiar syner samanhengane mellom ein vanskeleg barndom, psykisk sjukdom og seinare rusavhengigheit. Vi må møte dei som slit med hjelp og forståing, ikkje fordømming og straff.

Rusreforma er også ei fridomsreform. Fridom frå skuldkjensle. Frå stigmatisering. Og frå rusen sine mest skadelege konsekvensar.

Rusreforma gir ein sjanse til å gje sakleg og fordomsfri rusinformasjon som treff rusbrukaren heime – fjernt frå ein visjon om det rusfrie samfunn. No skal samfunnet sjå på rusavhengige som pasientar, ikkje som kriminelle.

Vi jobbar også med ei kraftsatsing på behandlingsopplegg, bu- og arbeidsmulegheiter for dei rusavhengige.

Politiet har stilt spørsmål om vi etter reforma gjer det vanskeleg å få grep om dei som driv med langing, dersom dei ikkje kan få agere med konsekvensar gjennom lovverket? Politiet er framleis viktige i arbeidet med å få bukt med narkotikafloraen. Tanken er ikkje å skyve politiet vekk, men å styrke deira posisjon som den trygge støttespelaren, som er der for å hjelpe, i staden for å vere redd for at dei er der for å påføre rusbrukaren stigma og straff.

Med ei kunnskapsbasert rusreform er vi heilt i front i verdssamanheng. Venstre har i mange år vore åleine om tiltak for å gjere rusomsorga meir human. Enten det gjeld mindre, men viktige satsingar, som domstolsprogram, LASSO-prosjektet eller 24-timars behandlingsgaranti, eller endring av sprøyteromlova og forsøksordning med heroinassistert behandling.

Koronaen har gjort det siste året tøft for alle, ikkje minst for utsette grupper, som brått mista viktige lågterskeltilbod. Når samfunnet opnar opp att har vi sjansen til å gjere ting enda betre enn vi gjorde før. Vi bør starte med dei som treng det mest. Rusreforma vil gje menneske som slit ei framtid med større fridom, meir hjelp, og høve til å leve gode liv.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!