Dei fleste av oss fyk igjennom livet i ei forrykande fart. Utdanning, fritidsaktivitetar, arbeid, etter kvart barn, sosialt i lag med vener og familie, reise litt, realisere seg sjølv. Kjenner du deg att? Vi har i Noreg i 2021 mange moglegheiter for korleis vi kan fylle både arbeidsliv og fritid slik vi vil det. Det å realisere seg sjølv har blitt viktigare enn nokon gong, og vi har stadig auka krav til oss sjølve for korleis livet skal vere.

Å ha eit meiningsfylt liv blir ofte dradd fram i samfunnsdebatten og om vi dveler litt ved dette, så kjenner vi det inni oss kor viktig dette er. Korleis hadde vi hatt det om vi ikkje hadde hatt eit meiningsfylt liv? Om vi ikkje fekk delta i samfunnet som vi ønsker?

For nokre grupper menneske er ikkje dette like ukomplisert.

Dette innlegget er meint som ein liten påminnar om desse gruppene, til alle dei som arbeider i kommuneadministrasjonane og til folkevalde rundt om.

Korleis er det å bu i din kommune med ei funksjonsnedsetting?

Ord som medverknad blir brukt i mang ei saksutgreiing og i planar, men er vi gode nok på det? Er denne medverknaden som vi skal utføre, reell?

Det er mange som skal høyrast, og i kommunal og fylkeskommunal drift har ein ulike råd som ein kan nytte for å sikre god medverknad. Ungdomsråd, eldreråd og råd for personar med nedsett funksjonsevne. Alle kommunar skal ha desse råda, dette vart nedfelt i kommunelova i 2019.

Dei som sit i desse råda er å rekne som folkevalde, og i kapittel 8 i kommuneloven er det grundig definert kva som er deira rettar og plikter.

Så kvifor trengst det ein påminnar rundt dette med medverknad og råda våre? Er det ikkje slik at vi som faktisk er i 2021, er viktigheita av dette bevisste nok?

Vi vil hevde at nei, vi er ikkje det. Både i kommunane og fylkeskommunen er det i dag slik at mange saker som skulle vore behandla i råda våre, ikkje blir sendt dit, eller ikkje kjem dit i tide. Ein kan argumentere med mangel på tid, eller at ein ikkje har kapasitet, men vi vil då minne på om at dette no er nedfelt i kommuneloven. Ein skal ha medverknad i dag, og dei som avgjerslene våre faktisk omhandlar skal få uttale seg.

Det er viktig å understreke at dette gjeld sjølvsagt og menneska med nedsett funksjonsevne, pårørande og alle organisasjonane som kommunane samhandlar med. Let vi dei sleppe til? Råda er nemleg deira talerøyr.

Kommune 3.0 er jo det vi alle strekk oss mot, men er vi der? Frå der vi sit, så ser vi at enno er det ein veg å gå, men at ein har blitt betre. Vi er blitt meir bevisste. Men er vi gode nok? Ikkje enno. Å tenke ein tanke er ikkje det same som å praktisere, men saman må vi tenke at vi kan få det til. Nokre er sjølvsagt betre i gang enn andre, og det gleder vi oss over, men ikkje alle.

Difor ønsker vi å kome med i lita påminning. Så kan alle kommunalt tilsette og politikarar huske på at saker som ein burde hatt medverknad på, må innom rådet dei høyrer til. Ser du som kommunestyremedlem at ei innlysande sak ikkje har vore innom rådet det naturleg fell under, spør kvifor. Eller når ein plan skal utarbeidast, er rådet med frå byrjinga? Kjenner du dei som sit i råda i di kommune? Gjer deg kjent med råda, og folka, og la dei bli ein del av den kommunale kvardagen på rett. Dei som sit der har kompetanse, bruk den!

Vi, som leiar og nestleiar for Rådet for personar med nedsett funksjonsevne i Møre og Romsdal fylke, etterlyser ein reell og systematisk medverknad. Det slik at alle skal kunne få delta i samfunnet på lik linje. Slik at alle kan ha moglegheita til eit meiningsfylt liv.

Det må vere målet som skal strekke oss etter. Lykke til!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!