Eg er ikkje med på å gje pengar til dei private ferjeselskapa som vi har selt bort frå fellesskapet!

Gratis ferje for passasjerar er ein god start, og noko bilistane er med på å betale. Men det betyr og at bilistane kan spare pengar om dei fyller opp bilen. I dette vil det og ligge ein kapasitetsgevinst som det offentlege må presse på for å få gjennomført. At det må bli dyrare for langtransporten i rushtida er sjølvsagt.

Når parti som lovar mindre pengar til fellesskapet lovar meir pengar ut av felleskassa skal ein følgje med!

God kapasitetsutnytting på ferjene må på plass før vi kan starte det langsiktige arbeidet med å gjere dei gratis. I revidert budsjett som kjem snart kan regjeringa legge nokon føringar og krav til selskapa, og auke støtta om ein får til direkte kutt i billettprisen. SV vil støtte gode forslag i den leia, også dei som kjem frå opposisjonen.

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal SV krev halvering av ferjetakstane. I høve til 4- felts motorvegutbygging på Austlandet, ferjefri E 39 og nye rullebanar på flyplassane, er gratis ferjer rimeleg. Eg trur vi må bygge dobbelspor for tog i staden, i tillegg til å få ned ferjeprisane.

Elferjer og elbilar blir det fleire av, men la oss ikkje lure med at dei er utsleppsfrie. For å nå klimamåla, må vi alle jekke oss ned nokre hakk og køyre mindre. Buss, sykkel og gange er dei som står for tur i samferdslepolitikken. Folk har begynt å bytte bilen ut med elsykkel. Men kor er sykkelvegane?

Eg er ikkje i tvil om at helse, utdanning, forsking og kultur må prioriterast i budsjetta framover. Likevel må vi, av omsyn til dei mange i Distrikts-Noreg som er avhengig av ferjene, finne gode løysingar for å få ned kostnadane og ferjeprisane.

Alt dette og meir til får vi til om vi hegnar om velferdsstaten, som berre er trua om vi politisk ikkje vil oppretthalde han. Velferdsstaten føreset eit høgt fellesforbruk, og eit tilsvarande lågare privat forbruk.

Prinsippa i utdanningspolitikken, for høgare utdanning og Folketrygdlova blei vedtatt før vi visste at det var olje på sokkelen. Det er desse prinsippa som kjem til å gjere oss i stand til å omfordele slik at gratis og utsleppsfri kan nærme seg realisering.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!