VG har ein statistikk som viser vaksineringa i alle verdas land. Av dei viser eg dei landa som har vaksinert størst andel av sin befolkning pr. 28.02.2021, Israel, Seycellene, De forente arabiske emirater, Storbritannia, USA, Serbia, Maldivene, Chile og Bahrein.

Det landet som har vaksinert flest er Israel med 91,5 pr. 100 innbyggarar som har fått minst ei dose med vaksine, så går det nedover til Bahrein som har vaksinert færrast av desse landa med 17,4. Norge ligg langt bak desse landa og har vaksinert 8,7 pr. 100 innbyggarar.

Eg merker meg særleg at EU landa ligg langt bak desse som ligg fremst. Dei land som har vaksinert flest av EU-landa er Malta 17,2 Færøyane 13,7 og Danmark 10,3 pr. 100 innbyggarar.

Storbritannia har vaksinert 30,2 pr. 100, hadde dei framleis vore med i EU og hatt avtalane som EU har med vaksineprodusentane vil eg tru talet for vaksinerte i Storbritannia hadde vore under 10 pr. 100 innbyggarar, slik som det er i dei store EU-landa.

Oss har lest og høyrt at for å få vaksine er Norge avhengig av EU. Utan EU ville Norge stått langt bak i køen for å få vaksine, blir det sagt. Dette har oss høyrt frå politikarar og andre, og aviser har skrive det.

Det oss ser er at mange land, små og store skaffar seg vaksine på eiga hand, og fleire av desse landa ligg langt framom Norge og EU i vaksineringa av befolkninga.

Norge kunne sjølvsagt, slik som mange andre land, ha forhandla om kjøp av vaksine direkte frå produsentane, då hadde langt fleire vore vaksinerte i Norge.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!