Ein maritim karriere er for dei som vil vere sikra ein jobb i framtida og vil vere sikra ein spennande jobb for morgondagen og for framtida.

Etter 10.-klasse flytta eg til Stavanger for å gå på Skoleskipet Gann. Etter VGS skal eg to år ut i lære som matroslærling før eg tenker å studere vidare ved høgskulen i Ålesund (NTNU) for å få meir kunnskap. Draumen er å bli kaptein på større cruisebåtar.

Sjølivet har alltid vore ein stor del av livet mitt. Sidan eg var ei lita jente har eg likt å vere nede i fjøresteinane å utforska. Eg var så heldig å ha ein morfar som hadde båt og var like glad i sjølivet som meg. Draumen har alltid vore å få ei maritim utdanning, da sjøen står meg så nær. Eg kan ikkje sjå for meg eit yrke utan sjø.

Samtidig veit eg at det er mange unge som ikkje veit kva dei vil driva med, og i desse dagane sit mange og lurer på kva utdanning dei skal velja vidare. Som følgje av pandemien, har ungdom færre sosiale møtepunkt der skuleval blir diskutert. Eg trur derfor at det er viktigare enn nokon gong at vi som trivst med utdanninga vår, spreier informasjon for å inspirera dei som no skal velja.

Eg oppmodar dei som er i tvil, til å sjekke ut maritim utdanning. Det beste med ein maritim utdanning er at ein få jobbe på/med sjøen og ein er nesten garantert jobb seinare i livet. Slik det er i dag treng vi sjøarbeidarar og det er ikkje noko som kjem til å endre seg på mange år. Det er mange forskjellige moglegheiter med ei maritim utdanning.

Det som gjer denne utdanninga så spesiell og viktig for meg, er at det blir stadig ny teknologi og måtar ein gjer ting på. Dette er veldig spennande å følgje og vere ein del av. Det er også litt spesielt med tanke på at det ikkje er så mange kvinner i denne utdanninga. Eg ynskjer at fleire jenter vel maritim utdanning, og synest det hadde vore veldig kult å få fleire jenter inn i denne næringa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!