Slik har det vore lenge, noko innlegget frå Høgre-senior Anders Talleraas vitnar om (Smp 22/2). Han set lågare ferjepris opp mot eldreomsorg, skule og helse, men unnlèt å nemne Høgre si prioritering av landets rikaste.

Det starta med eit grasrotopprør, løfta vidare av Møre og Romsdal Ap og Per Vidar Kjølmoen. Så fekk Ap på Stortinget eit fleirtal med på å be regjeringa starte arbeidet med halvering av ferjeprisen. Høgre har heile vegen raljert med framlegget, noko Talleraas ikkje gjer – det skal han ha. Men han gjer ei øving vi har blitt vande med frå høgrekanten:

Når det handlar om vanlege folk sine kvardagsutfordringar, eller om arbeidstakarane sine rettar, om eldreomsorg, skule og helse, har vi plutseleg så lite pengar. Når det er snakk om millionærar og milliardærar, dei fleste busette i Oslo og Bærum, får pipa ein annan låt. Når dei – som dei fleste andre – ønskjer seg lågare skatt, er Høgre rause. Krav om at det skal føre til vekst og arbeidsplassar, trengst ikkje.

Eg jobbar i eldreomsorga og ser kva ein dårleg kommuneøkonomi betyr i praksis. Eg er òg fagorganisert, og legg merke til skatten som har auka år for år med høgreregjeringa: den på fagorganisering, gjennom svekka frådrag. Alle som kan litt historie, og skjøner kva samfunnsretning Høgre ønskjer, ser at det ikkje er tilfeldig. Fagorganisering gir mindre forskjellar, uorganisert arbeidsliv større. Ap ønskjer mindre forskjellar mellom folk.

Eg har sett meg lei på høgresidas prioritering av dei rikaste. Eg har sett meg lei på påstandar om god kommuneøkonomi – det er ikkje sant. Eg kunne ønskje meg ei ærleg høgreside som sa at rikfolk er viktigare for oss enn både ferjeprisar og velferd. Det er nok fåfengd.

Det som nyttar er å røyste for ei ny, Ap-leia regjering til hausten, som vil sjå til at det no blir vanlege folk sin tur.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!