Eg ser at Bendixen har skrive fleire innlegg om rusreforma, der ho gjentek bekymring for avkriminalisering av narkotika. I tillegg til at ho avviser den internasjonale forskinga som ligg til grunn for reforma, så ser ho ikkje hovudpoenget: Rusreforma skal redde liv, og auke livskvaliteten til dei som slit med rus i samfunnet vårt. Vi går no frå straff til hjelp, og det vil du ikkje vere med på, Bendixen?

Nyleg la Venstre og regjeringa fram sitt forslag til rusreform. No skal vi slutte å jage rusavhengige og behandle dei som kriminelle. No skal dei få den hjelpa dei fortener. Vi må innsjå at systemet til no verkar dårleg. Frykt, skam og angst er ikkje eit godt grunnlag for betring.

Når Bendixen spør så viser eg til det ho seier sjølv, når ho refererer frå rusreformutvalet sin omfattande rapport, som er basert på internasjonal forsking: avkriminalisering av narkotika vil truleg ikkje medføre ei nemneverdig auke i narkotikabruk. Bendixen seier at denne påstanden frå rusreformutvalet er framsett på tynt grunnlag. Men den 416 sider lange rapporten er faktisk det beste kunnskapsgrunnlaget som er tilgjengeleg.

Ho utelot å nemne at utvalet samtidig seier at ein heller ikkje kan dokumentere at straff har effekt – verken på den einskilde borgar som vert straffa, eller som avskrekkande effekt mot narkotikabruk i samfunnet generelt.

Straff fører til stigmatisering og at terskelen for å be om hjelp vert høgare. Ja, andre grupper opplever også stigmatisering, men skal vi av den grunn ignorere stigmaet rusbrukarar opplever? Det er livsfarleg. Ei svensk undersøking viste at 40 prosent av unge som hadde vore i alvorlege situasjonar med ulovleg rusmiddelbruk lot vere å ringe ambulanse grunna frykta for straff. Vi veit at liv har gått tapt av frykt for at politiet skal verte innblanda, og eitt slikt tap er eitt for mykje. Dette handlar ikkje om korleis politiet gjer jobben sin, men om konsekvensen og skamkjensla ein påfører seg sjølv og sine.

Om Bendixen meiner eg er naiv som trur at dei viktigaste faktorane for å utvikle eit misbruk er utfordringar med psykisk helse, utanforskap og svak livsmestring, så får ho ha den oppfatninga. Vi veit begge at sosialt stigma og eit sjølvbilde som rusmisbrukar ikkje gjer det betre. Du blir stempla, og du stemplar deg sjølv. Dette må vi snu. Vi må sjå på kvifor den einskilde får problem, og vi skal hjelpe før problema blir for store. Helse handlar om heile mennesket, og vi skal sjå heile mennesket gjennom reforma. Passar det med straff då?

Bendixen viser til at det i dag eksisterer god hjelp, som unntak for straff. Vi er for denne hjelpa, men vi vil meir. Vi vil at alle – enten dei er unge eller gamle, slitarar eller nokon som har prøvd rus for fyrste gong – skal vere trygge på at dei når som helst, utan å frykte fengsel, kan ta kontakt med fastlegen, helsesjukepleiar, eller den nye kommuneeininga som skal jobba med narkotikasaker.

Fakta er at vi har høge overdosetal, og strafferegimet har ikkje vore til hjelp. No er det på tide å tenkje annleis, for å kunne hjelpe fleire. Eg kjenner ikkje til kva fasiten vil seie 10 år fram i tid, og om avkriminalisering faktisk er løysinga, men om historia gjentek seg så er det verdt å gje reforma ein sjanse.

Fram til 1970 kunne du bli sett i fengsel for å vere full i det offentlege rom, du kunne til og med bli sett til tvangsarbeid. Det var ikkje tome trugslar, det skjedde verkeleg. Først på byrjinga av syttitalet vart oppfølginga av alkoholistar flytta frå justissektoren til helsesektoren. Sidan har vi hatt det slik. Kven ville tenkje på å straffe ein med alkoholproblem i dag?

Avkriminalisering er altså ikkje er det same som legalisering. Eg ynskjer heller ikkje legalisering. Narkotika er og skal framleis vere ulovleg. Sal er framleis straffbart. Men no kan politiet og rettsapparatet prioritere sine ressursar inn mot narkotikaindustrien og dei kriminelle nettverka, ikkje dei menneska som må leve med konsekvensane. Dei skal vi møta med omsorg, menneskeverd og hjelp.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no![SB1]

[SB1]