Lesarinnlegg av Paul Harald Leinebø

«Ny finansieringsetat bør plasserast nær brukarane»

Frå 1. juli blir dei to institusjonane GIEK og Eksportkreditt slått saman til den nye etaten Eksportfinansiering Norge.
Leserinnlegg

Det er fornuftig å slå saman desse to institusjonane for gjennom det styrke verkemiddelapparatet og legge til rette for vekst og utvikling for dei norske eksportbedriftene.

Det er viktig at den framtidige etaten har tett kontakt med aktuelle næringar, og såleis er lokaliseringa også sentral. Ved årsskiftet hadde GIEK og Eksportkreditt Norge uteståande garantiar for 80 milliardar kroner, og lån for 51 milliardar kroner. Det er store pengesummar, men som er eit viktig tiltak for å stimulere norsk eksport.


GIEK-debatten:

– Senterpartiet dobbeltkommuniserer

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) er ikke imponert over Senterpartiets uttalelser i GIEK-debatten.


Bedrifter på Vestlandet

Av dei selskapa som GIEK gir garantiar for i dag, er 80 prosent tilhøyrande på Vestlandet. Det same gjeld nærare 70 prosent av finansieringa frå Eksportkreditt. I 2020 var bedrifter i Møre og Romsdal blant dei som brukte eksportfinansieringstilbodet mest.

Dette samspelet mellom maritim industri og fiskeflåten har lagt grunnlaget for at Norge har blitt verdsleiande i fleire av dei marine og maritime næringane. Nærleik mellom involverte aktørar har vore svært viktig for denne utviklinga, blant anna fordi tilgang på finansiering føreset forståing for utfordringane og moglegheitene som finnast i kystnæringane.


Mener virkemiddelapparatet ikke treffer eksportbedriftene

Sju av ti ledere for eksportbedrifter i Møre og Romsdal sier at de ikke har benyttet seg av støtteordninger knyttet til eksport siste to årene.


Overraska over plassering

Vi som bur her på kysten blei difor overraska over at regjeringa foreslår at den nye etaten skal lokaliserast i Oslo, og dermed langt unna dei største brukargruppene. Forslaget frå regjeringa om lokalisering, bryt også med statlege retningslinjer for lokalisering av offentlege arbeidsplassar. Intensjonen er å forsterke og bygge opp kompetansemiljø utanfor hovudstaden.

I dette tilfellet vil ei etablering i nærleiken til aktive og investeringsvillige brukarar som til dømes i Ålesund eller Bergen, vere med å styrke allereie etablerte fagmiljø. I tillegg vil det vere i tråd med føringane som ligg i dei statlege retningslinjene.

Det grøne skiftet

Norske styresmakter har vedtatt svært ambisiøse klimamål, der utvikling av ny teknologi og investeringar for fornying, vil vere avgjerande for om ein skal lykkast i denne omstillinga. For å lukkast med dette arbeidet, vil det også vere avgjerande at det er nærleik mellom verkemiddelapparatet og verksemdene som er plassert langs kysten.

Vi i Fiskebåt Vest representerer meir enn 70 fiskefartøy, og har som mål å arbeide for ei verdiskapande og berekraftig havgåande fiskeflåte. Våre medlemmar er og har vore offensive, og vil gjerne ta i bruk ny og miljøvenleg teknologi. Vi forventar at vi også framover skal kunne vere ein aktiv pådrivar i denne utviklinga, og at det offentlege legg best mogleg til rette for det.


Bergen og Stavanger utfordrer Ålesund om flytting av statlig kontor

Bergen og Stavanger har meldt seg på i diskusjonen om å flytte Giek ut av Oslo. Men Høyre på Stortinget er lunken til ideen, og næringsminister Iselin Nybø står fast på at flytting er helt uaktuelt.



Lurar du på kvifor GIEK-debatten er oppe akkurat no?

Garantiinstituttet for eksportkreditt og Eksportkreditt Norge skal slåast saman 1. juli

Dette er to statleg eigde institusjonar som er svært viktige for det eksportretta næringslivet

Mens GIEK i all hovudsak har ferda ut eksportgarantiar til norske bedrifter, deira kundar og bankar på vegner av staten, så har Eksportkreditt Norge tilbode lån til utanlandske selskap som kjøper varer og tenester frå norske bedrifter

Det nye namnet vert Eksportfinansiering Norge

Målet med sammenslåinga er å effektivisere

  • Kjelde: https://e24.no/naeringsliv/i/kRQQPa/eksportkreditt-norge-og-giek-slaas-sammen

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!