Føremålet er slett ikkje reduserte klimagassutslepp. Klimagassutsleppa vert – grovt rekna – sjølvsagt dei same, men Noreg får sin nasjonale CO₂-rekneskap til å gå opp. Vi kjøper oss fri ved å sende også dei siste fem prosentane frå sokkelen til forbrenning ute i Europa, i staden for i gasskraftverka på sokkelen. Og så til erstatning bruke vasskraft frå land til å drifte plattformene.

Det er i alle fall ganske deprimerande og avslørande at miljø og klima vert brukt som grunngjeving.

Eit anna paradoks som ikkje var nemnt i debatten:

1) Ei nedtrapping/avslutning av norsk olje- og gassproduksjon ville sjølvsagt redusere Noreg sitt bidrag til CO₂-utslepp kolossalt mykje.

Men regjeringa/ Statoil og vi «alle» brukar som eit tungt argument for ikkje å redusere/avslutte norsk olje- og gassproduksjon, at så lenge etterspørselen er der, ville andre land erstatte vår produksjon. Slik at ei norsk nedtrapping ville ha null positiv klimaeffekt, og vere bortkasta tap av arbeidsplassar/ rikdom i Noreg.

2) Men så, i høve elektrifisering av sokkelen: Også null reduksjon av klimagassutslepp. Men forkjemparane meiner likevel det er så avgjerande viktig for Noreg sin nasjonale CO₂-rekneskap, at vi må gjennomføre elektrifiseringa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!