Illustrasjon: «Serenade of the seas» fortøyd i Geiranger.  Foto: Staale Wattø

Synspunkt av Helge Søvik

«Flokeløysingar før 2026»

Stortinget fylgjer vedtaket i Næringskomiteen og vil ha slutt på forureining frå skipstrafikken i verdsarvfjordane, og ber samstundes regjeringa syte for at det økonomiske tapet for lokalsamfunnet blir minst mogleg.

Kva for løysingar kan vere aktuelle?

Ikkje er det truleg at der kjem midlar nok til at cruiseskipa kan få tilgang på landstraum, som ville løyse problemet med klimautslepp når skipa ligg i hamn. For å kunne realisere dette, må Geiranger få cruisekai.

Landstraum

Ingen tør tru at slike prosjekt kan bli realiserte innan 2026. Geiranger har i nær sagt altfor mange år venta på styrking av eksisterande straumforsyning. Svaret er at vilkåra ligg langt frå til rette for dette.

Det vil derfor ta tid – truleg veldig lang tid – å få ynsket, eller kanskje meir presist kravet realisert. Spørsmålet om cruisekai har i lang tid vore framme i debatten. Her har så godt som ingen ting skjedd.

Dette er mellom dei ting regjeringa må løyse for at vedtaket i stortinget skal bli etterkome.

Batteri og hydrogen

Alternativet kan vere å setje i drift utsleppsfrie båtar. Det er ikkje kjend korleis desse kan bli med omsyn til kapasitet, fasilitet – og kvar dei eventuelt kan bli sette i trafikk frå. Eller om dette kan vere ei løysing som er akseptabel for cruisetrafikken. Dersom Gerirangerfjorden blir stengd for notidas cruiseskip frå 2026, kva for hamner vil vere aktuelle for batteri- eller hydrogenbåtane. Hellesylt og Stranda blir nemnt.

For at Hellesylt i så fall kan bli aktuell som ilandstiginghamn frå cruiseskipa, må staten gi slepp på noko av vilkåra for verdsarvstatusen. Den aktuelle strekninga av Sunnylvsfjorden ligg innafor den geografiske grensa.

Og er det sannsynleg at cruiseindustrien vil akseptere det tidsaspektet for passasjertransporten til og frå, og for utflukter lokalt.

Attraktivt reisemål

Eg vurderer det som sjølvsagt at rikspolitikarane har sett seg grundig inn i lokale forhold, at dei har hatt samtalar med sentrale aktørar på staden, før vedtaket vart gjort.

Geiranger vil vere eit viktig reisemål same kva som vil skje etter 2026. Vi får også tru at bygda vil få besøk av mange årlege anløp av cruiseskip etter den tid. Spørsmålet er kor mange år det vil ta å bygge om og kontrahere nye cruiseskip. Vel så viktig vil spørsmålet vere kva som vil skje med Geiranger som turiststad i mellomtida.

Alternativt hamner

Eit anna spørsmål er om cruiseskipa vil setje kursen mot andre destinasjonar. I så måte er det naturleg å tenke seg Åndalsnes (med Trollstigen som det sjølvsagte turistmålet) og Olden (med Briksdalen som det like aktuelle). Kanskje også Hjørundfjorden, dit Hurtigruten alt har valt som alternativ til Geirangerfjorden i deler av sommaren.

At Ålesund vil styrke posisjonen sin som cruisehamn, bør vere temmeleg sikkert.

Som eit apropos til stortingets pålegg til regjeringa, kan det vere aktuelt å trekke fram eit årelangt krav frå Geiranger. Eg torer ikkje slå fast som sikkert når eg første gong fekk høyre om tunnelynsket gjennom Stavbrekka på fylkesvegen mot Grotli. Tunnelen ville utvide turistsesongen i begge endar. Kor langt har ein kome? Null!

Verne om verdsarven

Geirangerfjorden med omland har status som verdsarv. Bestemt av Unesco. Det ligg vilkår til grunn for avgjerda. Det er viktig at alle – absolutt alle – viser vilje til å etterkome dei krava som er nemnde der.

Men kor langt skal ein kunne strekke seg?

Også det er ei aktuell vurdering.