For lik kriminalitet kan ei kvinne gå fri, medan ein mann bli dømd. Denne urettferdig behandling av lovbrytarar skuldast manglande politisk vilje til å erstatte det gamle og utrangerte Ålesund fengsel, som har sin arkitektur og byggestil frå 1864. Partiet de Kristne (PDK) vil realisere nytt soningssenter på Digerneset.

Lista er lang over stortingspolitikarar som har besøkt Ålesund fengsel. Truleg har alle fått den same erkjenninga, at slike soningsforhold som vi har i Møre og Romsdal er ingen verdige. Likevel er norske fengsel og soningsforhold eit tema som har låg politisk interesse. Så lenge lovbrytarar blir sett bak lås og slå, tenkjer ein ikkje meir på det.

Ålesund fengsel har blitt modernisert og pussa opp fleire gongar. Likevel er arkitekturen og byggestilen noko ein ikkje får gjort noko med. Då fengselet vart bygd, var tanken at den straffedømte skulle sitte på cella i si einsemd, angre sine synder og ha samtalar med Vår Herre. Dei to fyrste kriteria er nok godt oppfylt, men hadde dei straffedømde hatt ein god dialog med Vår Herre tidlegare hadde dei truleg ikkje hatt behov for fengsel.

Fengselsbygget tener ikkje funksjonen til dagens kriminalomsorg. Det er dårleg lagt til rette for besøk frå familie – særleg born. Dei besøkande blir også eksponert overfor bybildet når dei vil inn i fengselet. Dette er på fleire måtar vanskeleg, ikkje minst stigmatiserande. Høgde under tak og brannsikkerheit er ikkje i tråd med dagens bygningskrav. Vidare jobbar bygget sin arkitektur mot dei gode rehabiliteringsprosessane som dagens moderne fengselsdrift legg opp til. Bygget er ueigna for kriminalomsorg.

Det er eit prinsipp at soning skal skje så nært familien som mogleg, særleg nært eigne born. Det er ikkje mogleg å tilby soning for kvinner og menn i avskilte avdelingar i Ålesund fengsel. Kvinner som skal sone må sendast til fengsel andre stadar i landet, og blir då meir enn nødvendig skilde frå kontakt med eiga familie. Dette gir ein høgare terskel for retten til å dømme ei kvinne enn ein mann.

Tida er overmoden for å etablere det nye soningssenteret på Digernes. Denne løysinga har kommunane på Sunnmøre for lengst samla seg om, og mykje arbeid har blitt gjort for å få dette realisert. Til trass, Stortinget har fleire gongar fortrengt og utsett handsaminga av denne saka. Slik kan vi ikkje ha det lenger.

På nasjonalt plan er det også behov for å lage tydelegare grense mellom kriminalomsorg og psykisk behandling. PDK kjenner til at det er for mange psykisk sjuke i norske fengsel som heller skulle hatt helseomsorg enn kriminalomsorg. Det er for mange domfelte psykisk sjuke som blir kasteball mellom ulike offentlege system. Det er behov for å styrke psykisk helsevern, slik at pasientar blir behandla på riktig stad. Psykisk sjuke skal ikkje vere kriminalomsorga sitt ansvar.

For PDK er ein av dei viktigaste indikatorane på eit godt samfunn, kor godt ein tek vare på dei svake og utstøytte. PDK vil realisere nytt soningssenter på Digerneset.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!