Då heng det ikkje på greip at dei tek til orde for ein usolidarisk og stigmatiserande ruspolitikk.

Straff er meint å vere eit stigmatiserande verkemiddel mot ting som ein ikkje ønskjer i samfunnet, og om ein ser på statistikken over kven som vert misbrukarar, er folk frå tøffe kår og andre i vanskelege situasjonar overrepresentert. For desse gruppene vert straffereaksjonar ekstra meiningslaust, i enkelte høve også ein veg mot andre formar for kriminalitet, men uansett ikkje ei utstrekt hand. Dersom ein er oppteken av at folk skal bli sett, og at folk skal kunne søkje hjelp utan å vere redd for konsekvensane, må ein slutte å sparke folk som ligg nede.

Når ein viser til at tilgjengelegheit skapar forbruk, misforstår ein ikkje berre konsekvensane av ein skjult marknad der ein ikkje har moglegheit til å kontrollere kva ein faktisk får eller kven som får det, men ein er ein òg skuldig ei forklaring på korleis å fjerne straffereaksjonar for brukardosar av narkotika gjer det meir tilgjengeleg, noko Rusreformutvalet har vore klare på at det ikkje vil. Då held det ikkje å hevde at noko er allmennkunnskap.

Vi har lagt bak oss mange tiår med forsøk på å fjerne narkotika frå gata, men i forsøket har vi gjort vondt verre, og fått meir, sterkare, og farlegare narkotika inn i landet, då er det på tide å tenkje nytt, difor kjem rusreforma. Venstre vil ikkje gi opp folk, vi vil ikkje at nokon skal måtte stå att med eit kriminelt rulleblad etter å ha hatt eit helseproblem, noko avhengigheit er, men det vil tydelegvis KrF og Senterpartiet.

Eit av dei verste argumenta i denne debatten, om ein i det heile kan kalle det eit argument, er å skulde meiningsmotstandarar for å skape eit inntrykk av at narkotika er, eller skal bli lovleg.

Dette er ikkje berre ein farleg avsporing frå det debatten faktisk handlar om, men og ein svakt oppkonstruert hersketeknikk, all den tid motstandarane av rusreforma sjølv er dei einaste som konsekvent blandar omgrepa legalisering og avkriminalisering. Det einaste ein oppnår med slik argumentasjon er å danne eit skremselsbilde av motdebattantane som ikkje er norsk ordskifte verdig.

Rusreforma er for viktig til at ein skal kunne lene seg på førehandsbestemte standpunkt utan basis i noko anna enn synsing, og å skulde andre for å danne eit bilete av at narkotikabruk er greitt. Rusreforma er vår tids store sosiale reform, og det er synd at KrF ikkje vil støtte det, sjølv om det er ein trøyst at dei har forplikta seg til å røyste for det i Stortinget.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!