Då er det også interessant og verdifullt at Tidens Krav 6/3-21 har nytta heile 7 sider til artiklar om bruken av narkotiske legemiddel, heroinrus, kampen mot rusen, og den bekymringsfulle utviklinga i rusmiddel-bruken i Kristiansund. Samtidig har fylkesleiar i Senterungdommen eit godt innlegg både i TK og Romsdals Budstikke (RB 5/3-21) med den viktige problemstillinga til reformframlegget: «Skal vi ha ein ruspolitikk som gjer det enklare å byrje med narkotika?»

For meg synest det som eit stort tankekors at rusdebatten i stor grad skjer utan at alkoholen, vårt legale, største og mest brukte rusmiddel blir sett i samanheng med narkotikadebatten. Det er samanheng mellom bruken av alkohol og bruken og skadane av illegale rusmiddel. Alkoholbruk blant ungdom fører lett med seg auke i narkotikabruken. Når vurderingsevna er svekka av alkohol, lar mange seg også lettare freiste til å prøve illegale rusmiddel. Ungdata gir nyttig informasjon for dei som styrer m.a. om korleis rusmiddelkulturen varierer rundt om i fylket.

I debatten om «rusreformen» er det derfor viktig at ein i tillegg til eventuell avkriminalisering og styrking av behandlingstilbodet for personar med alvorlege rusproblem, har i mente behovet for å verne om og styrke den rusfrie livsstilen og dei rusfrie samlings- og møteplassane både for ungdom og vaksne, t.d. innanfor kultur, idrett, trafikk, båt- og badeliv.

Det burde vekke ettertanke at talet på personar som ikkje brukar alkohol no utgjer ein vesentleg større del av befolkninga t.d. i Italia og Portugal enn i Noreg. (FHI 18/4-2017). Samtidig er det eit stort pluss at norske ungdommar er av dei i Europa som eksperimenterer minst med illegale rusmiddel. (ESPAD-undersøking 2019).

Debutalderen for rusmiddelbruk er noko av det viktigaste å ha i mente, fordi skadeverknadene både for den enkelte og for samfunnet blir større dess tidlegare debutalderen er.

Intervjuet i TK 6/3 med ein tidlegare alvorleg rusmisbrukar gir eit lite inntrykk av kor tung og krevjande vegen tilbake inn i samfunnet er – og kor mange døde kameratar han har sett på vegen. Oslo Economics har elles nyleg rekna ut at berre bruken av illegale rusmiddel i landet vårt kostar samfunnet rundt 35 milliardar kroner årleg (jf. Actis 15/2-2021)

Derfor er det også trist å sjå korleis mange, også i media, ukritisk hyllar kvar ny lokal arbeidsplass som blir skapt innanfor alkoholproduksjon og -omsetning, og kor ukritisk vi alle synest å akseptere t.d. at på norske flyplassar skal vi måtte baute oss fram mellom rimelege alkoholtilbod til inntekt for utanlandske firma, og korleis såkalla «influensarar» dagleg driv aktiv reklameverksemd for alkohol. Og at utbygginga av det norske utdanningssystemet med fleire studentar, høgskolar og universitet, har ført med seg stadig fleire russefestar, alkoholfylte introduksjonsveker og hektisk jakt etter «lykkepromille», er inga god oppskrift korkje når det gjeld utdanningsresultat eller reduserte rusproblem og betre folkehelse.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!