Ordføraren har heile tida sagt og skreve at det er prosessen som er viktig no og at traseval får kome seinare. Dersom kommunestyret meiner at den foreslåtte traseen ikkje kan brukast, er det betre og billigare for alle partar at det blir varskudd om no. Det er flott at det blir lagt til rette for at alle blir høyrde.

Det er imidlertid skuffande at det då saka vart behandla i planutvalet, berre var fremskrittspartiet som hadde motførestelling til trasevalet til Flakkgruppa og med det forstår at ein ikkje kan bygge ei gondolbane over eksisterande busetnad. KRF som ynskjer å stå fram som eit familieparti, skuffa stort ved ikkje å allereie no gå imot foreslått trase og er med det ikkje eit parti for familiane slik dei lovar.

Eg har likevel den tilliten til våre politikarar at dei no står opp for innbyggjarane i Sula og seier klart frå til Flakkgruppa at om det skal bli noko utgreiing av gondolbane, så skal ikkje foreslått trase rett over busetnad vere eit alternativ. Det kan ikkje vere utbyggjar som dikterer kommunestyret ved å framsette ultimatum om traseval og i tillegg bruke truslar om nedlegging av Devoldfabrikken om dei ikkje får det som dei vil. Alle våre folkevalde må evne å sette seg inn i kva ein ville gjort om traseen gjekk rett over deira eige hus når stemme skal gjevast.

Ynskjer ein trivsel og forutsigbarheit for gamle og nye innbyggjarar i Sula, kan ein ikkje legge ei gondolbane rett gjennom eit byggefelt som vart vedtatt utbygd med 32 nye bustader for ca. 12 år sidan og der det no er svært mange nyetablerte og også svært mange barn som bur.

På arbeidsplassar er det ein ståande regel om å ikkje opphalde seg under hengande last. Dersom ei gondolbane blir etablert i eit bustadområde, blir ein tvungen til både å bu og opphalde seg under hengande last. Dette er uakseptabelt og dermed også nok ein grunn til å finne alternativ trase.

Ein kan heller ikkje bruke taubanelova frå 2017 i forhold til ei gondolbane som blir etablert lenge etter at husa vart bygde. Då må det i alle fall prøvast rettsleg.

Denne saka har alt skapt nok splid i bygda, splid innad i slekter og splid mellom tidlegare vennskap. Dette pliktar politikarane no å stoppe.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!