Tvilen snik seg inn, skal eg halde fram med dette når samfunnet ikkje berre aksepterer, men betalar for tonnevis med skitten og helsefarleg plastforureining?

Eg tenkjer på dei tusentals tonn med plastkuler (pellet) som blir tippa på fotballbanane, sjølv om det finst alternativ som er miljøvennlege og utan risiko for kreft.

Plasten følgjer med klede og sko heim, vidare i vaskemaskinen og ut i havet, blir til mikroplast og tek etter kvart livet av fisk, fugl og menneske som får det gjennom inntak av sjømat. Om vinteren er områda kring fotballbanane svarte av pellet, men forsøk på å hindre spreiing er svært vanskeleg alle årstidene.

Av og til ser ein store haugar med pellet der ungar set og leikar seg, uvitande om den helserisikoen dei utset seg for. Som mor og besta blir eg livredd for kva skade, sjukdom dette kan medføre på sikt.

Ålesund likar å profilere seg som ein berekraftkommune. Då ser eg det som ei sjølvfølge at kommunen ikkje lenger tolererer gummipellets på fotballbanane og den enorme forureininga det representerer, for miljøvennlege og trygge alternativ finst!

Så får eg vaske plastkorker, i alle fall enno ei stund, til eg ser om berekraft blir noko anna enn fine ord.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!