Det handlar om ein Tobias som vart fødd som ei jente, og stykket vert også kalla «Tobias og dagen då det smalt».

Mange foreldre har gått imot dette, og på Godøya var det 15 born som fekk fritak frå å delta.

Vi veit at det er mange unge som slit med sin identitet i desse dagar. Det er ikkje lett å vere barn og ung då dei lett vert eksponert for alt det som høyrer den vaksne verda til.

Gjennom internett får dei sjå porno, krim og andre ting som ikkje er bra for sinnet. Svært mange barn er speleavhengige og i staden for å gå ut og leike og bruke kroppen så sit dei inne i timevis med desse spela. Mange av dei handlar om at folk drep kvarandre.

Vi må prøve å verne om barnesinna! Det er også svært viktig at dei får lære den rette seksualetikken. Er det verkeleg nokon som er født i feil kropp? Eg trur ikkje det.

I bibelen står det at i byrjinga skapte Gud himmel og jorda og alt som er i henne. Han skapte menneska i sitt bilde til mann og kvinne. Alt har han laga vakkert i sin tid og evigheita har han lagt ned i dei.

Å seie at nokon er født i feil kropp er ei hån mot skaparen. Gutar og jenter er så forskjellige som jupiter og mars! Dei kan med den teknologi som er i dag skifte kjønn, men hjernen kan dei ikkje skifte. Menn og kvinner er totalt forskjellige. Sjølvsagt er det menn som er feminine og omvendt, men eg trur at dei kan få hjelp med dette.

Kvifor skal foreininga FRI med sin propaganda med statsstøtte få innpass på skulane med sin ugudelege propaganda og påverke borna?

Det er klart at born kan ha ulike kjensler både for gutar og jenter og det er berre naturleg, men å få dei til å tvile på om dei verkeleg er gut eller jente er forkasteleg! Kvifor skal Noreg som eit kristeleg land gå føre med dette? Vi har gått bort frå det fundament og dei normer som landet er bygt på. Borna og dei vaksne sitt sinn vert øydelagt av denne nye ideologien.

Vårt samfunn er bygt på den kristne trua som er basert på bibelen. Guds ord står fast, men samfunnet og heimane er i ferd med å rakne.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!