Det gjeld å verne om liv og helse, som er målsettinga i O-visjonen.

Tidlegare Ørskog kommune har erfaring med farlege etterslep, fleire er utbetra, og eg peikar her på mange som framleis er til alvorleg fare for trafikantane – kvar dag!

Ålesund kommune må føre kampen vidare mot dei livsfarlege etterslepa, med politiske og faglege musklar, med krav til høgare myndigheit om auka innsats.

Då gangvegen austover frå Tyssa var ferdig, burde Statens vegvesen halde fram å bygge nokre meter gangveg til Apalset. Den attståande stubben langs europavegen er urovekkjande farleg å gå, langs fjellskrenten, tett inntil trafikken, på eit uoversiktleg livsfarleg vegstykke med sving – utan gangveg!

I Sjøholt sentrum har det vore alvorleg etterslep i generasjonar. Ørskog kommune har påverka vegvesenet gong på gong for å få ein tryggare situasjon der vegen med om lag 7000 bilar i døgnet deler sentrum i to.

Med auka trafikk vert faren større for skuleelevane, foreldra og alle andre. Kvifor kan ikkje – i det minste – dette trafikkfarlege sentrumet få same 40-skiltet som Bjorli har, og fotoboks?, medan vi ventar på eit tryggare sentrum – men svaret til no er ufatteleg – eit klart nei! Også kommuneoverlege Tom Christiansen sitt faglege straksvedtak for auka tryggleik, vart møtt med motstand frå vegvesenet.

Det er ei viktig oppgåve for Ålesund kommune å følgje opp intensjonsavtalen om flytting av europavegen og gjere sentrum tryggast mogleg. Det hastar!

Austover frå brannstasjonen er titals meter med vegskjener fjerna etter pålegg frå vegstyringsmakta for at Ørskog kommune kunne få lov å ta i bruk den nye brannstasjonen. Så lenge skjenene fekk stå, var gangvegen tryggast mogleg for skuleborna og alle andre.

Skjenene var til hinder for sikta frå aust mot krysset, sa vegvesenet. Kommunen var usamd i vurderinga, og har arbeidd hardt for å få nye skjener og tryggare skuleveg tilbake.

Husmorskuleskiftet har eit farleg etterslep. Reguleringsplanen har vore ferdig i lang tid. Her er trafikk til ein barnehage, og snart kjem ein av landet sine mest moderne folkehøgskular, bygningsmessig og med nytenking om det faglege innhaldet, som kvart år vil ha om lag 100 elevar. Det hastar med tryggare vegkrysset.

«Trappa» på Giskemo står heilt i vegkanten der om lag 600 tungt lasta vogntog, og trafikken elles, dundrar dagleg forbi æ nesten på nedste trinnet. Engasjementet frå tre ordførarar over meir enn 10 år for å få vegen flytta nokre meter frå bustaden, har vore nyttelaust, totalt vekkasta energi – til no.

Vegstubben over Giskemo, for tungtrafikken til europavegen, viser korleis vegane såg ut i tidlegare tider då trafikken var liten, lastebilane små og lassa lettare. Skilt om møteplass er veghistorie, men ikkje her.

Fylkesveg 650, tidlegare riksveg, frå Viset til Valgermo, har fleire stadar ein historisk gamal vegstandard, bygd for ei anna tid, og er no avleggs. Tunge, lange vogntog, lastebilar med hengar og transport av store maskiner må køyre på denne smale og svingete vegen – utan ein meter med midtstripe.

Asbjørn Skotte var framsynt då han for om lag 40 år sidan argumenterte for den tryggare vegstrekninga gjennom Børdalen. Ørskog kommune har hatt samarbeid med vegkontoret i lang tid for fagleg planlegging av ein ny veg for framtida gjennom Børdalen – for å skilje gjennomgangstrafikken frå lokaltrafikken – som eit særleg viktig trafikktryggingstiltak.

Planarbeidet vart ytterlegare fagleg og økonomisk forsterka med godt samarbeid mellom kommunane Norddal, Stordal og Ørskog, SVV og fylkeskommunen. Deretter vart det stagnasjon i framdrifta.

Janet Roelofs foreslo vidare planarbeid med Børdalsvegen i eitt steg, som Ørskog kommunestyre vedtok, og som folket aksjonerte for.

«Børdalsvegen» bygd stegvis er ikkje i samsvar med målsettinga for Børdalsvegen i direkte linje mellom Viset og Valgermo.

Børdalsvegen som statleg prosjekt er næraste løysinga.

Ålesund kommune kan følgje opp kravet frå Ørskog kommune om ein fylkeskommunal søknad til staten for å gjere fv. 650 på nytt til riksveg, så mykje riksvegtrafikk som går her.

Børdalsvegen bør verte valsak i år, med framdrift forankra hjå lokale og rikspolitiske handlekraftige politikarar, gjerne med eit eige selskap – i godt samarbeid med Fjord kommune.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!