Det er og blir ein gedigen tabbe. Det vi i Møre og Romsdal treng er ei kraftig oppgradering av eksportvegen gjennom Romsdalen og vidare ned Gudbrandsdalen.

Forbindelsen frå Sunnmøre og nordover til både Molde og Kristiansund må vere Romsdalsaksen. Denne er raskare, billegare og vil vere gunstigare for tungtransporten. Han vil i tillegg vere ei perle for turistnæringa og ikkje minst langt billegare å bygge.

Etter PDK si meining så vinn Romsdalsaksen på nesten alle punkt. Han er i tillegg kanskje 2 til 3 mil kortare i strekning enn konkurrenten. Valkampen vil klart innehalde dette spørsmålet. PDK veit kor vi står! Kva med deg?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!