Høgre har lurt AP og SP til å støtte prioriteringa av Møreaksen til svimlande 25 milliard kr, og som medfører null kr til realisering av «Eksportvegen» E-136 gjennom Romsdalen.

I mange tiår har ein kjempa for 2–3 milliard kr for å realisere Eksportvegen E-136 Romsdalen utan å lukkast, kven trur då på at dette blir betre ved å prioritere Møreaksen til 25 milliard kr?

Møreaksen må stoppast for at andre vegprosjekt her i fylket slik som E-136 Romsdalen kan gjennomførast så raskt som råd.

Blir Møreaksen prioritert vil realiseringa av E-136 Romsdalen bli skubba ut i ei alvorleg ørkenvandring i tid, sannsynlegvis utsett med tiår.

FrP har utbygging av E-136 gjennom Romsdalen på topp i våre prioriteringar, og kjem til å forlange at dette blir prioritert, og at Møreaksen blir skrota.

AP og Kjølmoen, SP og Høgre vil sløse vekk 25 milliard kr på Møreaksen som folket her i fylket ikkje vil ha, vi i FrP vil heller ha E-136 gjennom Romsdalen prioritert og utbygd no!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!