Dersom ikkje nokon ansvarlege i Vegdirektoratet eller Samferdselsdepartementet stoppar denne dårlege «parodien» kan dette bli ei gedigen nasjonal skandale.

I Molde kranglar Ordføraren med eit fleirtal i bystyret, om vegtraseen gjennom og forbi Molde by, ordføraren er djupt vonbroten fordi bypakken i Molde er skrota, ein bypakke berre han og Helge Orten har hatt trua på.

Når ein ser framgangsmåten til Høgre med Orten og Moldeordførar i spissen ang. bypakkenederlaget i Molde, forstår absolutt alle korleis dei har klart å lure Erna til å legge Møreaksen inn i NTP.

Valet til hausten kan stoppe denne dårlege «Møreaksen parodien» der det ser ut til at FrP igjen kjem på vippen på borgarleg side.

Dersom Høgre har tenkt å vere i nærleiken av styrande posisjon i Stortinget, er FrP nøkkelen for dette, – men, utan Møreaksen!

Vår Stortingsgruppe har klart og tydeleg slått fast at Nye Veier as skal få ansvaret for strekninga Ålesund til Molde og vidare til Innlandet grense.

Nye Veier as bygger billigare, milevis raskare, og med ny og miljøretta teknologi, noko Statens vegvesen har abdisert på for lengst.

Nye Veier as vil gjere det som sjølvsagt er logikk, nemleg bygge vegsystema på land fyrst, frå Ålesund til Vestnes og vidare til Bjorli. Då vert trafikkgrunnlaget tilstrekkeleg nok til å bygge og sette trafikk på eit fjordkryssingsprosjekt over Romsdalsfjorden, der eg er rimeleg sikker på at Møreaksen alternativet vert skrota, og Romsdalsaksen eller ferjer kvart 15 min blir valt.

Eg har tidlegare meint at Riksrevisjonen burde tatt fatt i korleis Møreaksen har blitt til, habilitet og roller spesielt. Prosessen har vorte pressa igjennom med totalt manglande vilje til forsvarleg konseptvalgsutgreiing med reelle alternativ til Møreaksen, og med kritikkverdige roller og prosessar. Når 25–35000000000 kr av skattebetalarane sine pengar skal brukast, kan ikkje ein parodi av eit vegprosjekt berre få ture fram.

Ein ting kan eg love, og det er at kjem eg på Stortinget etter valet til hausten, kjem eg til å gjere det eg kan der for å skrote, skrinlegge, og fjerne Møreaksen, og jobbe aktivt for fjordkryssing over Romsdalsfjorden anten via Romsdalsaksen eller eit utvida døgnopent og forbetra ferjetilbod.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!