Biblioteket ein fin framgang i besøk, utlån og arrangement sidan 2014, takk vere gode tilsette. Likevel – skal folk i Giske få ei bibliotekteneste dei treng og ønskjer, må det til større ressursar.

Biblioteket bidreg til demokratisering. Biblioteket som institusjon er i viktig del av den demokratiske grunnpilaren i samfunnet. Biblioteket er ein plass for ytringsfridom, eit lågterskeltilbod som alle kan bruke.

Bibliotektilsette kan gje kurs og rettleiing i kjeldekritikk, ein av dei viktigaste kompetansane framover.

Biblioteket motverkar einsemd. Stadig fleire er einsame, men biblioteket skapar møteplassar. Her kan ein berre vere. Utan plikter og krav. Utan å måtte betale noko.

Men arrangement krev personalressursar.

Biblioteket motverkar barnefattigdom. Eit bibliotek er fritt tilgjengeleg for alle barn. Bøker og anna kan lånast gratis, men også tiltak som Sommarles inviterer barn til å delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar – uavhengig av lommeboka.

Men ei god samlingsutvikling, programplanlegging, litteraturformidling, samarbeid med skular og barnehagar krev personalressursar.

Biblioteket motverkar ekskludering og parallellsamfunn. Korleis lærer du språket og blir kjent med kultur og menneske i et nytt land?

Biblioteka er ein stor ressurs, gjennom tilrettelagt litteraturformidling, utlån av språkkurs, språkkaféar og som møteplass.

Men formidling og rettleiing krev personalressursar.

Biblioteket motverkar det digitale klasseskiljet. Kvar einaste arbeidsdag kjem det menneske som ikkje finn fram i offentlege tenester på nett eller kan skrive ein elektronisk søknad. Dette menneske i alle aldersgrupper. Desse skammar seg ofte og synst det er vanskeleg å spørje om hjelp. Men rettleiing i digital kompetanse krev personalressursar.

Biblioteket motverkar sosiale skilnader. Å lese har meir å seie for framtida til eit barn enn utdanningsnivået og den sosioøkonomiske bakgrunnen til foreldra. Å skape leselyst og rettleie born og unge krev personalressursar.

Biblioteket bidreg til livslang læring. I dag nyttar mange seg av at biblioteket skaffar litteratur for vidareutdanning og eigenutvikling. Vidareutdanning og betre utdanna personal gjev meirverdi for nærmiljøet. Å skaffe litteratur og gje rettleiing krev personalressursar.

Biblioteket bidreg til FNs Berekraftsmål: Bibliotek som institusjon oppfyller nesten alle FNs Berekraftsmål berre ved å gjere jobben sin. Vi har hatt delekultur i meir enn 150 før det vart trendy. Men tilgang til aktuell, allsidig og kvalitetssikra litteratur og tenester krev personalressursar.

Og eit innkjøpsbudsjett.

Kjære politikarar i Giske: For ein særs billig penge kan de vere med og gjere Giske til ein betre stad å bu. Gje biblioteket og dei som jobbar der høve til å utvikle biblioteket og gjere nytte av potensialet som ligg i ei skikkeleg bibliotekteneste.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!