Talet på mottakarar av uføretrygd i 2011 var 306 454, i 2020 var det auka til 357 563. Statistikkane for mottakarar av uføretrygd syner at talet på uføretrygda mellom 25–29 år har nesten tredobla seg frå 2011 til 2020. Frå 4 593 uføretrygda i 2011 til 12 461 i 2020.

Av dei som får uføretrygd og er mellom 18 og 39 har heile 80,1 % primærdiagnose psykisk liding.

Dette syner at det er svært mange unge som slit med psykiske lidingar. Politikarane lover stadig å satse meir på behandling og hjelp til dei som er psykisk sjuke, men resultata blir borte.

Det som eg ikkje har lest eller høyrt noko om, men som er like viktig som behandling og hjelp, er å finne ut kva som er årsaka eller årsakene til den store veksten i talet på uføretrygda. Eg er 73 år, og eg kan ikkje hugse at då eg vaks opp var unge som sleit med psyken slik at dei vart uføre. Etter den tid har samfunnet endra seg mykje, og alle endringar ser ikkje ut til å vere av det gode. Kva er det som gjer at ein stor del av befolkninga er psykisk sjuke? Vi må finne ut av dette, og prøve å gjere endringar som gjer at talet på uføre på grunn av psykisk sjukdom går kraftig ned.

Kostnadane til uføretrygd er stor, dei har passert 100,- milliardar i året. Det er ca. kr 20 000,- pr. innbyggar i Norge.

Til samanlikning var vegbudsjettet i Norge for 2020 på ca. 40,6 milliardar, mindre enn halvparten av utgiftene til uføretrygd.

Ansvaret for å gjere noko med dette ligg hos dei politiske partia.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!