Det var ikkje Noreg som fann opp krisepakkar då koronaen small. Krisepakkar blir innførte over heile verda, for å redde arbeidsplassar og næringsliv gjennom pandemien. Det er snakk om 87 000 milliardar norske kroner – nærare ni oljefond. Tal som er så store at det er vanskeleg å fatte dei.

Ifølgje ein ny FN-rapport er det òg ei tydeleg grøn retning på krisepakkane. Landa møter altså krisa både med redningspakkar og med framtidssatsingar. Til dømes har EU øyremerkt 37 prosent av krisepengane til grøne formål. I tillegg har EU stilt krav om at ingen prosjekt som gjer «vesentleg skade på klima og miljø», skal få finansiering. Frankrike har øyremerkt 30 prosent og Tyskland 33 prosent til grøn omstilling.

Så var det Noreg, då. Svaret her er to prosent. Fire av 196 milliardar kroner. Legg vi inn oljeskattepakken som regjeringa, Ap, Sp og Frp banka gjennom før sommaren, er vi nede i 1,29 prosent. Medan resten av verda bruker krisa på å byggje nye næringar og grøn energi, er Noreg altså hjelpelaust grå og konservativ i val av støtteordningar. Konsekvensane for norsk næringsliv kan bli svært alvorlege når vi så til dei grader blir akterutsegla.

SV har lagt fram ein plan for å kutte klimautslepp, byggje opp nye næringar, sikre arbeidsplassar og dele goda for å få ned dei økonomiske forskjellane. SV sin plan for rettferdig omstilling av Noreg er ein del av ei global rørsle på venstresida som jobbar for eit rettferdig grønt skifte – A Green New Deal.

Det er berre gjennom å ta klimautfordringane på alvor, gjennom å innføre nye, grøne oppgåver til industrien, arbeidslivet og næringslivet vårt at vi kan ruste Noreg for framtida. Viss vi ventar og ventar og ventar, tillèt vi oss å vere altfor oljeavhengige og legg i staden grunnlaget for arbeidsløyse og industridød.

Både utsleppa og forskjellane skal ned. Derfor skal vi innføre ein grøn folkebonus slik at folk med låge inntekter får tilbake dei pengane dei må betale i auka klimaavgifter. Vi skal stille miljøkrav som både kuttar utslepp og skaper og vernar arbeidsplassar. Vi må realisere det potensialet vi har i Noreg innanfor nye næringar som vil vekse fram i samband med grøn omstilling. Grøn skipsfart, ENØK tiltak, bioøkonomi og ei omstilling til ein meir ressurseffektiv sirkulær økonomi.

Vi må kutte nok utslepp i Noreg slik at vi i 2025 er i rute til å nå dei norske klimamåla for 2030. Med SVs plan for omstilling kjem vi dit. Landet vårt er bygd på rikdom frå hav og jord, fjell og fjord. Sikrar vi ei berekraftig forvaltning og felles eigarskap, kan naturen halde fram med å gi oss mat, arbeidsplassar og gode opplevingar i uoverskodeleg framtid. Det er no vi har moglegheita.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!