Og takk for ein god kommentar i Sunnmørsposten laurdag 20. mars («Heime aleine»).

Vi står no framfor ei tid med aukande trong til omsorg vi knapt kan fatte. Svært pålitelege prognosar burde vera talande nok. I staden blir politikarane «lurt» av tal frå KOSTRA (KOmmunal-STat-RApportering). Tal som mange ser på med stor skepsis. Men omsorg er langt meir enn tal.

Tala som det vert vist til i det kommunale dokumentet er frå 2019 og representerer gjennomsnittstal frå KOSTRA-gruppe 13 (Alle norske kommunar med meir enn 20 tusen innbyggarar i 2013, unnateke Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger).

Mange av kommunane i KOSTRA-gruppe 13 er svært ulike Ålesund. Etter mi vurdering blir det derfor ansvarslaust å bruke desse gjennomsnittstala som grunnlag for alvorlege endringar. Ser vi derimot på KOSTRA-tal for totalutgiftene for helse- og omsorgstenester per innbyggar i nokre av kommunane i gruppe 13 som er meir like med Ålesund, til dømes Lillehammer, Halden, Arendal, Haugesund, Molde og Kristiansund, ligg dei likt eller klart over forbruket i «gamle» Ålesund (mellom anna Molde og Kristiansund).

Mi oppfordring til administrasjon og politikarar blir derfor: La ikkje KOSTRA-tal styre eldreomsorga i Ålesund. Med litt innsats kan eigne omsorgsfakta leggjast på bordet i staden for å sjå til «naboen»! Og kvar er det blitt av Omsorgsplan 2018–2025 for Ålesund?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!