Det er det fokuset kommunepolitikarane i Ålesund har i denne vanskelege prosessen vi er inne i no, der vi må skjere ned på utgiftene vi har i denne sektoren.

Av innlegg på sosiale medier kan det sjå ut som om politikarane ikkje tenkjer på eldre og sjuke sine behov. Det er ikkje rett. Alle prøver å finne best moglege løysingar, men det er usemje om korleis vi best kan løyse dei økonomiske utfordringar når det kjem til konkrete løysingar.

Eit knapt fleirtal i Helse og omsorgskomiteen har gått inn for å legge ned ei avdeling ved tre av dei største institusjonane våre. I nokre kommunedelar – som Ørskog og Skodje, har det allereie blitt oppretta fleire omsorgsplassar i staden for institusjonsplassar. Komiteen løfter fram at det må vi fortsette å gjere – også i gamle Ålesund. Vi må ha fleire heimetenester og fleire omsorgsplassar/eldrebustader/bukollektiv.

Om nokre år framover vil det særleg bli behov for fleire institusjonsplassar for demente. I omorganiseringsarbeidet i Ålesund er det allereie fleire ordinære sjukeheimsplassar som er omgjort til demensplassar.

Ved å legge ned avdelingar i staden for å legge ned ein heil institusjon, blir det også lettare å opne for fleire institusjonsplassar igjen dersom ein treng det. For ein periode på nokre år meiner vi det er forsvarleg og nødvendig å redusere antal avdelingar. Det betyr færre plassar på institusjon. Men det er på ingen måte snakk om at folk som i dag har fått ein institusjonsplass, skal sendast heim igjen.

Ein viktig del av omsorgsarbeidet er sjølvsagt dei pårørande. Difor er det viktig at dei blir lytta til og blir verdsett som den ressursen dei er. I verbalforslaget frå fleirtalet i komiteen er det eit punkt om pårørande. Vi foreslår: Pårørandestøtte er særs viktig og det skal vurderast å opprette eit tiltak (td telefon spesielt for pårørande) for å gje pårørande ein veg inn i systemet.

Ein annan særs viktig faktor er samarbeid med frivillig sektor. Lag og organisasjonar og einskildpersonar må vere med å gje betre eldreomsorg ved å skape trivsel, aktivitet og tryggleik både for dei som bur heime og i institusjon. Det skjer allereie mykje godt frivillig arbeid, men det kan gjerast meir på dette området.

Så til slutt: for å få til ein god eldrepolitikk må vi legge til rette for at eldre kan leve aktive og gode liv heile livet. Regjeringa sin stortingsmelding Leve hele livet – er ein kvalitetsreform for eldre, der det handlar om å gje eldre moglegheit til å vere aktive lenger, ha gode møteplassar og fellesskap, og ha tryggleik for helsehjelp når ein treng det.

I Ålesund kommune sin plan for Bolig for velferd er det planlagt m.a. 110 bustader primært for eldre og yngre eldre med spesielle tilretteleggingsbehov.

Wasmuthgården er under utbygging med tanke på bustader med bemanning, tilrettelagt m.a. for heildøgnsomsorg. I planen er det fleire gode prosjekt som vil ha betydning for kor mange eldre og sjuke som får eit godt helsetilbod i Ålesund.

I debatten som har rast om nedlegging av institusjonsplassar, er tendensen at ein berre ser på det vi har i dag. Det har vist seg i andre kommunar at det går an å gje gode helsetenester på nye måtar. Det må også Ålesund arbeide for å få til. Det vil nødvendigvis gå litt tid før ein er i mål med dei ulike omstillingstiltaka, men målet er heile tida best mogleg omsorg på rett omsorgsnivå til alle som treng hjelp.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!