Det varmar å lese om frivillig innsats og kor mykje folk bryr seg med å hjelpe. Vi har ein sterk tradisjon for dette i Noreg, med fleire frivillige organisasjonar og hjelparar som står på for dei som har mindre enn andre. Ein god og livsviktig tradisjon.

No har NRK og VG også publisert artiklar som handlar om barnefattigdom, og kan opplyse om at 115 000 barn i Noreg lev i familiar med dårleg råd, og barnefattigdom er eit aukande problem i «verdas rikaste land». Kvifor er det slik?

Artikkelforfattar: Malena Strømmen Malakzadeh er gruppeleiar for Raudt i Ålesund kommune.

Når vi ser Erna sitte i beste sendetid i eit klipp som no er godt viralt innanfor landegrensene kor ho seier når NRK sin intervjuar spør kva statsministeren tenkjer som statsminister «når du hører historier om folk som ikke har råd til å betale regningene denne måneden, ikke har råd til mat, ikke har råd til klær, altså som må spare hver eneste krone da?» og statsministeren svarar at jo, det er jo krevjande, men «så er spørsmålet hadde de egentlig råd til det før og?» er ikkje svaret på spørsmålet mitt i førre avsnitt så langt unna. Dette er ein villa politikk, eit resultat av dei økonomiske prioriteringane som regjeringa med Høgre i spissen har ført i snart åtte år.

Vi har ei regjering som i koronatid gir store beløp til næringsliv utan å setje restriksjonar og mindre beløp til næringar som kunne ha hatt meir behov for det. Dei fem selskapa som har fått mest i koronastøtte, til saman 1,4 milliardar kronar, har berre betalt 333 millionar i skatt de siste fem årene. Altså mykje meir enn kva dei har bidratt med til fellesskapet sjølv, skriv Agenda Magasin i ein artikkel frå 25. februar. Vi har ei regjering som prioritera visse aktørar, men er gnitne når dei skal gi kompensasjon til arbeidstakarar og mindre aktørar.

Men fattigdom hadde vi før koronakrisa også, som statsministeren viser ho er veldig klar over, men ikkje verkar å bry seg særleg om. For kva har regjeringa gjort for å få ned fattigdomen i landet i løpet av desse åra? Dei kunne ha sørga for at dei omkring 40 000 barna som lever i familiar på sosialstønad får halde på barnetrygda, slik Ålesund kommune etter mykje om og men fekk til, men nettopp alt trøbbelet i Ålesund burde vere bevis på at dette ikkje er noko kommunane sjølv må syte for og ta over sine budsjett. At KrF klarte å få gjennom ei auking i barnetrygda er svært positivt, men når denne blir trekt frå sosialhjelpa, går fleire av dei familiane som treng det mest glipp av ei ordning som burde vere universell.

Og ein stor del av dei 115 000 barna lev i familiar kvar sosialstønad er hovudinntekta. Grunnane til dette er samansett og må jobbast med gjennom ulike politiske tiltak, men med å innføre gratis barnehage gradvis, med å heve sosialstønaden 25 %, med å auke barnetillegget for uføre, og med å heve barnetrygda enda meir, har Raudt konkrete tiltak for å redusere barnefattigdom.

Og sjølv om Erna Solberg vidare svarar NRK-journalisten om at vi har supplerande sosialstøtte i kommunane med litt mindre tøffe vilkår enn det ein vanlegvis gir folk som er permitterte, og at du no får omkring 80 % av det ein hadde i inntekt på dei lågaste nivå som faktisk er «en ganske god støtteordning sett opp mot de fleste andre land», så seier det seg sjølv at når dei som allereie har lågast lønn berre får 80 % av denne, så får ein ikkje dekt alle rekningar og behov med det. Slik fortsett barnefattigdomen å stige også under korona.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!