Og derfrå under Romsdalsfjorden og Tautra (jordskjelvutsett område, vidare til Oterøya/Aukra via verdas lengste 4-felts hengebru over Julsundet), vidare til Molde i ein delvis underjordisk motorveg. Dette kjem til å koste eit ukjent milliard beløp, og denne milliarden Volda – Ålesund blir berre vekslepengar i forhold (sjølv om det er 1000 millionar).

E39 bør absolutt gå rett til Stranda, frå nordsida av Storfjorden fortset han dei 25 km til Romsdalen. Med ei slik løysing på E39-problemet sparer staten seg enorme beløp, einaste fjordkryssinga blir over Storfjorden mellom Sognefjorden og Trondheim. Så der må byggast ein tofelts motorveg på nordsida av Storfjorden dei 25 km til Romsdalen, der E39 og E136 møtes og dei bør gå i 4-felts trase i lag til Dombås, der køyrer dei rett fram til Austlandet på E6 dei som skal dit. Dei som skal til Trondheim svingar til venstre, så vi kjem til å ha pengar til å dekke heile vedlikehalds-etterslepet på dei gamle riksvegane (som Stoltenberg gav fylkeskommunen i gåve for ca. 10 år sidan).

Det vert også skrive mykje i Sunnmørsposten om den nye RV15 med ny veg over Strynefjellet med ei arm til Geiranger, også det vert eit multi-milliardprosjekt, det ville vere mykje betre og kortare for alle Nordfjordingar og Sunnmøringar, om RV15 hadde svinga rett inn i fjellet på Billingen (ca. ei mil sør om Grotli). Det blir det ein 30 km flat tunnel som går rett under Dalsnibba, etter ei rundkøyring rett ut for tunnelopninga med vegkryss til Geiranger og Eidsdal/Nordal. Etter rundkøyringa fortset RV15 dei 18–20 km til Sunnylven og Hellesylt der E39 kjem frå Grodås til Stranda, med den einaste fjordkryssinga mellom Sognefjorden og Trondheim.

Eg håper det ikkje blir bortkasta milliardbeløp på dette «skorsteinsprosjektet» i tusen meters høgde med ei arm ned til Geiranger, imot å korte inn RV15 gjennom Sunnylvsdalane og under Dalsnibba til Skjåk. Denne løysinga med tunnel frå Skjåk til Opplendskedalen og veg til Hellesylt, trur eg blir betydeleg billigare enn denne nye tunnelen opp på Strynefjellet på 1000 meter over havet, og arm ned til Geiranger.

Det må også vurderast ein europeisk tunnelbyggar, som har gode moglegheiter for å selje tunellmassa på det europeiske steinmarknad til ein god pris., Til saman kanskje over 1 millionar m³ med tunnelmasse kan seljast (kanskje meir) som er verdt store beløp i Europa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!