Synspunkt av Tonje Haugen Ødegård og Synnøve Valderhaug Olsen

«Bekymring for omsorgskutt»

Norsk Fysioterapeutforbund og Ergoterapeutene i Ålesund kommune er bekymra for den foreslåtte avviklinga av 83 korttidsplassar, som skal behandlast i kommunestyremøte torsdag denne veka.

Press: Det er eit stort press på korttidsplassar allereie i dag, seier fysio- og ergoteraputene i dette innlegget.  Foto: Frank May/NTB Scanpix

Leserinnlegg

Per i dag så opplever fysio- og ergoterapeutane i kommunen at det er stort press på eksisterande korttidsplassar, der det i stor grad er sårbare eldre som har behov for gjentatte avklarings- og korttidsopphald gjennom året, fordi dei fungerer for marginalt til å kunne klare seg godt nok med helse- og omsorgstenester i heimen.

Dette er eldre som gjerne blir omtala som «skrøpelege», og som får store negative helsefølgjer av relativt små kroppslege belastningar, som til dømes ein lett infeksjon.


Posisjonen i Ålesund meiner Sylvi Listhaug bommar med sin kritikk:

- Vi kjenner økonomien i kommunen betre enn henne

Ålesund-politikarane har allereie kutta innan mellom anna administrasjon og kultur, seier Siv Katrin Ulla (Ap), leiar i helse- og omsorg-komiteen i Ålesund.


Dei har gjerne mange og samansette behov, der kognitive utfordringar som demens og psykiatri kan vere dominerande, og ofte har dei fysisk skrøpelighet. Desse eldre har redusert rehabiliteringspotensial, og får gradvis – og relativt raskt – stadig dårlegare helse og funksjonsnivå.

Fysio- og ergoterapeutane erfarer at desse blir «svingdørspasientar», med fleire sjukehusinnleggingar og korttidsopphald i løpet av året. Utover sine akutte behandlingsbehov så «fyller dei opp» korttidplassane mens ein ventar på langtidsplass, eller dei blir sendt heim når dei så vidt er i stand til det. Terapeutane opplever i nokre tilfelle at det er på grensa til det fagleg forsvarlege.


Listhaug ber Ålesund-politikarane om å snu i tide:

– Ikkje svikt dei som treng det mest

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug kastar seg inn i sjukeheimsdebatten i Ålesund kommune. No oppmodar ho lokalpolitikarane om å skjerme dei eldre og pleietrengande – og heller kutte i ikkje-lovpålagde tenester.


Press på korttidsplassar

Dette er med på å gjere presset stort på korttidsplassar, noko som går utover dei som har behov for eit rehabiliterings- eller avlastingsopphald. Dette er svært viktige tilbod som bidrar til å auke funksjons- og meistringsevna til eldre som har akutt eller gradvis redusert helse og funksjonsnivå, samt å gi pårørande nødvendig støtte og avlastning for at heimesituasjonen skal fungere godt vidare framover. Samanlikna med dei mest sårbare eldre, så har desse eldre potensial til å gjenvinne eller betre sitt funksjonsnivå. Gjennom målretta og tverrfagleg oppfølging under korttidsopphald, så har dei gode føresetnader for å kunne reise tidleg heim, for å fortsette vidare rehabilitering der.

Behovet for langtidsplassar er kjend i Ålesund kommune, som derfor allereie har gjort om 33 korttids- og rehabiliteringsplassar til langtidsplassar. Dette har gitt nødvendig og varig tilbod til eldre som har behov for dette, men fysio- og ergoterapeutane erfarer at dette ikkje er nok. Styrking av heimetenestene kan hjelpe nokon, men ikkje alle – slik som desse sårbare eldre. Mange eldre ønsker å bu i eigen heim, men ikkje alle – og kanskje er det heller ikkje forsvarleg, til dømes grunna langtkome demens. Ved å ytterlegare kutt i korttidsplassar, og utan å ha eit varig tilbod til dei som ikkje lenger kan klare seg heime, så er fysio- og ergoterapeutane bekymra for at andre som har både behov og nytte av korttidsopphald, ikkje får plass.


Sjukeheimslege: – Det er jo i så fall heilt skandaløst

Lege Kjetil Lereng saknar ein grundig økonomisk kostnadsanalyse av kuttforslaget for sjukeheimane i Ålesund.


Leve heile livet

«Leve hele livet» er ein kvalitetsreform som vart presentert ved Stortingsmelding nr. 15 (2017-2018). Dei overordna måla som reformen skal bidra til, er:

  • Flere gode leveår der eldre beholder god helse lenger, opplever at de har god livskvalitet, og at de i større grad mestrer eget liv, samtidig som de får den helsehjelpen de trenger når de har behov for den
  • Pårørende som ikke blir utslitt, og som kan ha en jevn innsats for sine nærmeste
  • Ansatte som opplever at de har et godt arbeidsmiljø, der de får brukt sin kompetanse og gjort en faglig god jobb

Leve hele livet, Meld. St. 15 (2017-2018), s. 10

Norsk fysioterapeutforbund og Ergoterapeutene i Ålesund kommune støtter opp om reforma, og blir med dei foreslåtte omsorgskutta bekymra for dei negative konsekvensane dette kan ha for målsettingane med denne. Tilstrekkelege korttidsplassar med godt fagleg og tverrfagleg tilbod, vil bidra til at dei som har behov for behandling og rehabilitering kan klare seg heime lenger. Tilstrekkelege langtidsplassar kan vere med på å sikre sårbare eldre og deira pårørande både tryggleik og livskvalitet, når hjelp og tiltak i heimen ikkje lenger er nok.

Tilstrekkeleg kapasitet for avlastningsplassar kan trygge pårørande på at dei kan få nødvendige og førebyggande avlastingsopphald for sine kjære, slik at dei klarer å stå i dei krevande omsorgsoppgavane dei har 24 timar i døgnet, og forlenge tida som den med høgt omsorgsnivå kan bu heime. Tilsette som har gode og trygge rammer for å kunne nytte sin tverrfaglege kompetanse ved korttidsavdelingar, gjer ein fagleg god jobb til det beste for den som har behov for det. Vi er derfor svært bekymra for kva følgjer dei foreslåtte kutta av korttidsplassar vil ha.

Krevjande val i krevande økonomisk situasjon

Vi har sjølvsagt stor forståing for den krevande økonomiske situasjonen til Ålesund kommune, og at politikarane mest sannsynleg må velje «pest eller kolera». Vi håper likevel å kunne bidra med å belyse dagens situasjon i høve til korttidsplassar, og utfordringane vi ser med dei forslåtta kutta. Den foreslåtte styrkinga av heimetenestene er sjølvsagt både positiv og heilt nødvendig, men vi er uroa for at dette vil ta tid å få på plass, og viser igjen til at dette ikkje kan hjelpe alle i tilstrekkeleg grad.


Krisa i Ålesund kommune:

– Intensiverer nedbemanningen

– Så langt har vi hatt fokus på å redusere andre driftskostnader for å unngå oppsigelser. Det er ikke tilstrekkelig framover, sier kommunedirektøren.


Vi ser utfordringane som forslaga vil ha for kapasiteten til fysio- og ergoterapitenesta, som er sentrale i det tverrfaglege tilbodet som skal hjelpe eldre med å meistre livet lengst mogeleg i eigen heim, når dette er både ønskeleg og forsvarleg.

Men aller mest er vi bekymra for innbyggarane, og særleg dei sårbare eldre, i høve til å få verdig og nødvendig helse- og omsorgshjelp i sine siste år av livet.


Sykepleierforbundet bekymra over omsorgskutt:

– Begynner i feil ende

– Hjemmetjenesten er allerede hardt pressa, og de ansatte har en krevende jobb med brukere som blir stadig mer skrøpelige og pleietrengende. Ofte oppleves det som helt på kanten av det forsvarlige at de bor hjemme.



Leserinnlegg av Monica Molvær, Lene Larsgård og Bente Bruun

«Det er på tide å tenke nytt i eldreomsorgen!»

Sviktende helse, ensomhet, utrygghet, demens og boliger som ikke er tilpasset livsfasen. Hvordan skal vi leve opp til målene vi selv har satt om å være en bærekraftig by?


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!