Skular og barnehagar, unge og barn, framtida vår, slepp ikkje unna salderinga. Men heldigvis, fornufta sigra.

Hildre Barnehage, kom seg gjennom det truande nålauget, i alle fall i første omgang.

Det er visst vi «nyinngifte» som får mest skuld fordi vi før ekteskapet brukte for mykje pengar. Men spørsmålet blir då om forventninga til medgifta var overdriven stor, og der håpet var eit sterkt bidrag til ein allereie skakk økonomi?

Robek «fanden» er som ein eitel! Den som trudde at skule og barnehage var innsparingsposten denne gongen, måtte tru om att. Helse og omsorg er ein stor og tung post og som utgjer det største stykket av ei stor rund kake. I politiske diskusjonar der partia av ulik kulør ropar høgt om sine prioriteringar, så er det nettopp disse to postane som alle vil satse på og tilføre meir midlar.

Litt rart då synest eg at også desse to postane alltid står for hogg og skal vere salderingspostar i budsjettsamanheng og ved innsparingar.

Lars Fylling uttaler at:» Ingen kan bruke meir pengar enn ein har.» Han har rett i det. Men ser ein på tabellen som er sett på trykk i Bygdebladet av 26/2, så er det ikkje akkurat dei «inngifte» som ligg høgst i Netto driftsutgifter i tenesteproduksjonen. Her har kanskje nokre brukt litt meir pengar enn dei hadde og gløymt budsjettdisiplinen?

Med sjokk les vi i media om framlegg på at ei avdeling med 25 plassar ved Haram Omsorgssenter skal avviklast. Det er ikkje til å tru! Då Haram oms.senter vart bygd fekk det landsdekkande og framifrå omtale fordi dette var nytenking innan eldreplanlegging og bygging. Nye kommunen vår ser tydelegvis ikkje verdien i dette, men berre kroner og øre.

Livskvaliteten no synest å vere at alle skal få bu heime så lenge som råd. Sikkert etter mange sine ønskje det. Heimetenesta skal rustast opp. I tillegg er det basert på god hjelp og oppfølging frå familie og frivillige. Korleis eit slikt samspel er tenkt organisert og praktisert blir spennande å sjå.

Dessutan er visst noko nytt kome til; velferdsteknologi, kva no dette måtte vere. Ein beskriving om bruken og forventa effekt av dette fenomenet hadde vore interessant lesnad. Det er vanskeleg å sjå at bruk av velferdsteknologi kan erstatte nærkontakt, samtale, eit vennleg smil, god pleie og tryggleik. Sjølv med godt stell for eldre heimebuande (heimesjukepleie og heimehjelp), så vil det likevel ikkje stette behovet for kontakt med andre.

Eldre si einsemd er og eit samfunnsproblem. Eldre føler tryggleik når dei veit at hjelpa er nær ved. Oppfølgingshjelp og trong for kontakt når behovet er der. Eit fellesskap med likesinna betyr og svært mykje for livskvaliteten.

Nedlegging av 25 plassar ved Haram oms.senter blir sett på som eit brot og eit svik i den nye kommunen sin intensjonsavtale om at satsing/oppgradering og utvikling av tettstadene i «inngifte» kommunar skulle halde fram. Dette blir heller å sjå på som ei nedbygging.

Å fjerne ei heil avdeling der kvalitet, trivsel og tryggleik har vore hovudfokus, er å ta eit stort ansvar og vil få store konsekvensar for tilbodet om institusjonsplassar i denne delen av kommunen. Haram omsorgssenter dekkjer og plasstilbod for eldre frå Nordøyane.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!