Forventa levealder er det mest robuste og mest brukte målet på folkehelse i verda. Noreg ligg heilt i verdstoppen når det gjeld forventa levealder. Og forventa levealder har stige kontinuerleg i Noreg frå 1846 og fram til i dag. Men no viser utviklinga at det dei siste åra ikkje har vore slik for alle.

Forsking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Folkehelseinstituttet (FHI) som vart publisert i Journal of American Medical Association i 2019, viser at gapet i forventa levealder mellom dei med låg inntekt og dei med høg inntekt er stort og aukande.

Kvinner med låg inntekt lever faktisk kortare enn før. For så mykje som 375.000 norske kvinner har forventa levealder gått ned, stikk motsett av utviklinga i resten av befolkninga. I Noreg – eit av verdas rikaste og mest likestilte land.

Samstundes har kvinner med høg inntekt framleis aukande levealder. Menn med låg inntekt har ei lita auke i forventa levealder, men veldig mykje mindre enn dei med høg inntekt. Menn med høg inntekt lever i snitt 8 år lengre enn dei med låg inntekt. For kvinner er differansen på 6 år.

Dette viser at skilnadane i helse mellom rik og fattig er store. Og for å ha nemnt det fyrst som sist: Personar med innvandrarbakgrunn er ikkje teke med i desse tala, og heller ikkje dei som berre har inntekt frå trygdeytingar.

Hjartesjukdom og kreft var dei dødsårsakene ein såg størst skilnad i mellom rik og fattig. Ein såg at skilnad i røykevanar spelte ei rolle, men kunne berre forklare om lag 25 % av skilnaden i forventa levealder. Vi veit ikkje kva som er årsakene til den resterande skilnaden.

I artikkelen frå SSB og FHI kjem det også fram at dødelegheita når det gjeld kreft har gått kraftig nedover for dei med høg inntekt. Medan for dei med låg inntekt har dødelegheita vore heilt uendra. Det vil seie at dei med låg inntekt ikkje har fått glede av den fantastiske utviklinga vi har hatt innan kreftbehandling dei siste åra.

For dei yngre personane i talmaterialet, var sjølvmord og rusmisbruk dødsårsakene som bidrog mest til skilnadane i forventa levealder mellom rik og fattig. Både rusmisbruk og sjølvmord kan ein sjå på som konsekvensar av psykisk uhelse, noko som vi veit svært godt at er forbunde med å leve i dårlege sosiale kår.

Vi ser no at ein politikk som aukar dei økonomiske skilnadane i befolkninga ikkje berre har konsekvensar for kjøpekrafta. NRK presenterte tidlegare i vår tal frå SSB som viste at så mykje som kvar femte krone no hamnar i hendene på den eine prosenten med høgast formue her i Noreg. Vidare viste tala frå SSB at dei rikaste betalar ein lågare prosentdel av inntekta si i skatt enn resten av befolkninga.

Og trass i det argumenterer høgresida framleis for endå meir skattekutt til dei rikaste. Er det etisk riktig å halde fram med ein politikk som fører til at dei som ikkje er på vinnarsida får dårlegare helse og kortare liv? Det er i alle fall noko å ha i tankane når vi skal stemme i Stortingsvalet til hausten.

SV meiner at klassekamp og feminisme er høgaktuelle politiske tema, og tala frå SSB og FHI syner at vi framleis har mykje å jobbe med. Ein rettferdig helsepolitikk og utjamning av sosiale skilnader, økonomiske skilnader og kjønnsskilnader står heilt sentralt i SV sitt partiprogram. Og dette er saker vår 1.-kandidat i Møre og Romsdal, Birgit Oline Kjerstad vil arbeide for når ho kjem på tinget!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!