Som i 1935 støtta Bondepartiet ei mindretalsregjering, og mindretalsregjeringa til Johan Nygaardsvold og Bratteli-regjeringa førde begge ein politikk som endra det norske samfunnet. Dette 50-årsjubileet kan markera at vi er i gang med valkampen i 2021.

Den 14. juni 1971 vedtok ein utvida industrikomité innstillinga til den første stortingsmeldinga, St. Meld. Nr. 76 (1970-71), om olje- og gasspolitikken i landet. Industrikomitéen la politikken under «Dei ti oljeboda», desse var laga av byråkratar som Faruk Al-Kasim, ofte omtala som den mest lønnsame innvandraren til Noreg. I juni 1972 etablerte regjeringa Statoil, Den norske stats oljeselskap, og Statoil gav norske bedrifter oppdrag til å byggja opp ein heilt ny norsk industri.

I Kongeleg resolusjon av 30. mai 1963 la regjeringa Gerhardsen ressursane på og under havbotnen inn under Heimfallsretten, etter det eig vi alle olje- og gassressursane på norsk sokkel. Den 9. april 1965 i ein ny kongeleg resolusjon fekk den siste Gerhardsen-regjeringa på plass konsesjonsregimet for aktiviteten, og seinare på året fekk selskapa tildelt leitekonsesjonar. Alle fekk førsteprioriteten mot å godta eit to-delt heimfall, etter 9 år fall halvparten attende til det norske folk som gjorde at eit fleirtal på Stortinget har i praksis vedteke alle feltutbyggingane på sokkelen.

Investeringane på sokkelen er truleg dei mest lønnsame i norsk industri i moderne tid. I 1986 set den nyutnemde Arne Øien og oljebyråkraten Tore Bjordal krona på verket med utbygginga av Troll-feltet. Det var eit kombinert olje- og gassfelt der oljefeltet er av dei største funna på norsk sokkel. Stortinget vedtok «TOGI-løysinga» der eit statskontrollert Norsk Hydro skulle utvinna råoljen med to ei todelt løysingar, Troll B og C, ei løysing internasjonale oljeselskap ikkje ville gjennomføra.

Frå den største menneskeskapte konstruksjonen som er flytta på, utvann Statoil gassen ved å injisera gass attende i reservoara. Råoljeutvinninga åleine må ha gjeve meir enn 100 milliardar kr i ekstrainntekter, vi har berre ei viss aning om kva som blei dei ekstra gassinntekter Trollfeltet gav landet.

Inntektene frå olje- og gasssalet brukte regjeringa til å byggja ut ein svært omfattande velferdsektor. Slik skapte regjeringa folk arbeid, ikkje minst fekk kvinner, innvandrarar og flyktningar og asylsøkjarar mellom anna frå Vietnam arbeid. Politikken skapte aktivitet i norsk økonomi ved å utnytta den viktigaste kapitalen landet har, humankapitalen eller arbeidskrafta, ein kapital som er fire gonger så stor som alle dei fire andre typane landet vårt disponerer. Økonomien veks i heile 1970-åra, ikkje minst veks offentleg sektor og skaper verdiar som blir jamnare fordelte.

I juni 1974 handsamar Stortinget den andre «Oljemeldinga», og Bratteli II-regjeringa får klarsignal til å vedta ein grunnrenteskatt på det å utvinna olje og gass, ein skatt som gjer petroleumsutvinninga meir effektiv. Og etter 2000 set Stortinget av inntektene til det som blir «Oljefondet» landet har tilgang til i dag. Ein liknande politikk trengst framover, vi markerer 50-årsjubileet med å henta fram att den mest vellykka økonomiske politikken noko anna regjering i dette landet har ført.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!