Møre og Romsdal, Vestland og Innlandet, LO, NHO står samla i kravet om ny veg, då må regjeringa lytte og handle.

Lokale AP-krefter går no saman og vil jobbe inn i mot den endelege handsaminga i Stortinget. Kravet er at RV15 Strynefjellet med arm til Geirangar må inn i NTP 2022–2033.

Ny tunnel vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane, med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Vegen er avgjerande for at vi har bedrifter og arbeidsplassar her vi bur, då er det skuffande at regjeringa med Høgre i spissen, ikkje vil prioritere den.

Konsept B1 mellom Skåre-Breidalen vart vedteke i juni 2018, mesteparten av vegen skal gå i tunnel. Det gir kort planleggingstid og ein kan gå rett på detaljregulering. Målet er å få vegen inn i første periode med gjennomføring innan 2025.

Vi meiner at dagens vegstandard og dei mange stengingane vinterstid, medfører ein stor avvisingseffekt. På grunn av bratt stigning, fare for stenging og risiko for skade på køyretøy, vel mange å nytte alternative ruter. Næringslivet i dei nærliggande kommunane skapte i 2016 verdiar for 73 mrd. Mange av bedriftene tapar i dag store summar på å køyre lange omvegar.

Trafikkgrunnlaget er langt større enn dagens tal syner. I og med Eiksundsambandet, ny tunnel Ørsta-Volda og Kvivsvegen, vil ny tunnel over Strynefjellet gje store positive ringverknader for Søre, indre og midtre Sunnmøre, Nordfjord og Ottadalen.

Eksisterande tunnelar er i tillegg særs risikoutsette ved brann. Ansvarleg brannsjef seier det er sjølvberging som gjeld, naudetatane kan ikkje gjere anna enn å rydde opp i etterkant. Konsekvensane av ein bussbrann i turistsesongen vil vere katastrofale.

100 000 innbyggjarar, det mest produktive næringslivet i landet og ikkje minst verdsarvområdet Geiranger, treng ny veg no.

Per Vidar Kjølmoen – 1.-kandidat og leiar Møre og Romsdal Ap

Åse Kristin Ask Bakke – 2.-kandidat Møre og Romsdal Ap

Torbjørn Veriede – 1.-kandidat Sogn og Fjordane valkrins, Vestland Ap

Rune Støstad – 2.-kandidat Oppland valkrins, Innlandet Ap, Ordf Nord-Fron

Janne Øvrelid – Leiar Hareid Ap

Hanne Notøy – Leiar Ulstein Ap

Svein Gjelseth – Leiar Herøy Ap

Camilla A Vik – Leiar Sande Ap

Karen Høydal – Leiar Ørsta Ap

Sverre Leivdal – Leiar Volda Ap

Knut Aksel Thunem – Leiar Vanylven Ap

Otto Magne Strømmegjerde – Leiar Sykkylven Ap

Olav Løvoll – Leiar Fjord Ap

Inger Helen Abelsen – Leiar Stranda Ap

Solveig Willis – Leiar Kinn Ap

Judith Kvåle – Leiar Stad Ap

Monica Grov – Leiar Gloppen Ap

Jarle Hessevik – Leiar Stryn Ap

Stig Erlend Banken – Leiar Skjåk Ap

Bjørn Ola Aukrust – Leiar Lom Ap

Geir Skadeløkken – Leiar Vågå Ap

Marius Bismo – Leiar Sel Ap