Blindheim–Breivika har døgntrafikk ÅDT på heile 30000 bilar, berre Veibustkrysset i Sula 12000 bilar i døgnet, og her lyftar verken Høgre, SP, AP eller Statens vegvesen ein finger.

Breivika–Digerneset også 12000 bilar i døgnet, likeins på innfartsvegen til Kristiansund, men lokalvegen til Midsund og Aukra samt eit «privat» monument for Orten er viktigast, rett og slett ubegripeleg!

Når næringsaktørar blir styrt av Romsdal regionsråd, er dette akkurat slik denne gjengen har operert heile tida. Dahl og co. har prestert å skubbe ordførarane også på Sunnmøre føre seg, samtidig som dei ikkje forstod kva som skjedde.

Sunnmøre, E-136 og Nordmøre blør, biltrafikken i titusenvis pr. dag står i stampe, medan «rundlurte» ordførarar sender pengane og prioriteringane til Møreaksen, ei fjordkryssing som pr. dato har døgntrafikk på 2300 bilar.

Lytt til Per Waagan som burde ha erfaring på våre vegar gjennom eit langt transportliv, – som klart og tydeleg viser til at Møreaksen bør utsetjast i 100 år, og heller byggje vegane folket og næringslivet har behovet for, på land!

Forklar meg Helge Orten, kvifor er 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, viktigare enn 30 000 bilar pr. dag på Blindheim–Breivika?

Kvifor er ein gedigen omveg, snart 400 m under fjorden og igjennom Molde, viktigare enn rask realisering av heile E 136?

Kvifor er eit prosjekt Møreaksen til 25–35 milliard Kr, som store delar av fylket er imot, prioritert før alle prosjekt på Nordmøre?

Forklar meg dette?

Sunnmøre, E-136 og Nordmøre blør, og fylket sine innbyggjarar og næringsliv har blitt rundlurt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!