Kva var takken dei fekk frå Venstre-landsmøtet? Jau, beskjed om at dei fortener kutt i sjukelønsordninga!

Eg vil utfordre partiet sin toppkandidat her i fylket, Lena Landsverk Sande, på om dette er noko ho vil jobbe aktivt for om ho kjem inn på Stortinget til hausten. Vi veit det er sterke krefter i dei andre høgrepartia som ønskjer det same, så dette må folk få svar på. Då må ho gjerne svare på eit spørsmål til:

Meiner ho lærdomen frå pandemien er at folk bør gå sjuke på jobb?

Arbeidarpartiet og fagrørsla har i alle fall ein klar beskjed: Ikkje rør sjukeløna! Ordninga handlar om rettferd og likskap mellom alle yrkesgrupper. No ser vi at ordninga jamvel er viktig for smittevernet.

Jobben med å få ned sjukefråværet handlar først og fremst om langtidsfråværet. Arbeidarpartiet sitt svar er eit betre arbeidsliv: fleire på jobb, heile faste stillingar for alle som ønskjer det.

Etter år med angrep på arbeidsmiljølova, dyrare barnehageplassar, kutt i pendlarfrådrag og fagforeiningsfrådrag, må det no bli vanlege folk sin tur. Nye høgreangrep på sjukelønsordninga, er i alle fall det siste vi treng.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!