Talet på bruk går ned, og talet på bønder stuper. Det er nesten ikkje råd å forstå at nokon orkar å jobbe døgnet rundt når gjennomsnittsbonden berre får 1/3 av inntekta si frå jordbruket. Det er på tide å vise solidaritet med dei som jobbar i eitt av verdas viktigaste yrke: dei som produserer maten vår, dei som held kulturlandskapet ope og tek vare på biologisk mangfald; dei som held oppe busetnaden i distrikta, og dei som leverer råvarer til matvareindustrien.

Brotet i forhandlingane betyr at årets landbruksoppgjer skal avgjerast av Stortinget. Torgeir Knag Fylkesnes, som sit i Næringskomiteen for SV, seier følgjande om kva tre område SV vil prioritere høgast i forhandlingane:

1) Vi må tette lønsgapet mellom bøndene og grupper dei kan samanliknast med. Det betyr at bøndene må få høgare lønsutvikling.

2) Vi må ta meir av landet i bruk. Vi må stanse nedbygginga av dyrkajorda og snu utviklinga; det er det som er vegen til sjølvberging.

3). Det er dei små og mellomstore bruka vi må setje ressursane inn på. Vi må stanse utviklinga mot færre og større bruk, ved å setje eit tak for tilskot.

SV vil bevare og styrke det norske landbruket, og legge til rette for matproduksjon over heile landet. Derfor støttar vi #Bondeopprøret.

Skal vi lukkast med dette, må DU stemme Birgit Oline Kjerstad, 1.-kandidat for SV i Møre og Romsdal inn på Stortinget i valet til hausten. Ho kjenner landbruket i fylket vårt betre enn dei fleste, både som gardbrukar i mange år og som tillitsvald i fleire bonde- og samvirkeorganisasjonar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!