Kva vert det neste?

Såg i same tida at du kunne risikere fengsel ved å drepe ein viss type orm!

Kva samfunn er Noreg på veg mot. Vi har og fått noko som heiter FRI eller Pride som arbeider for at alle slags former for samliv skal tillatast så lenge det er utan tvang. Dei vil og godta fleire typar kjønn og samliv mellom desse.

Våre gode kvinnelege idrettsstjerner vil då kome til å tape fordi dei vil kome til å kjempe mot transpersonar som vert dei fysisk overlegne. (håper at idrettsforbundet tek seg av denne delen).

Ja kva skjer i Norge? Skal alt vere lovleg? Då vil eg starte eit parti som jobbar for at alle skal få velje på kva side av vegen dei vil køyre. Dersom du ønsker å vere med i eit slikt parti så ta kontakt med underteikna.

Håper på at mange vil stemme på meg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!