Tilrettelegging for fysisk aktivitet bidreg ikkje berre til eit betre liv for den enkelte, men også til positive effektar for nasjonaløkonomien: mindre utgifter til helsehjelp, auka trivsel og produktivitet.

Mange kommunar er flinke til å legge rette for fysisk aktivitet, ved å bygge gang- og sykkelvegar og elles ved å legge til rette for at alle kan komme til, og bruke, grøne lungar og friluftsområde. Likevel høyer vi ofte frå politikarar at ein ikkje kan koste på seg tilrettelegging for dei mjuke trafikantane.

Når rammene blir knappe og prosjekt må slankast, er det nesten alltid biltrafikken som blir prioritert. Tiltak for gåande og syklande blir ofte sett på som noko ekstra ein kan unne seg etter at bilvegane er bygde, dersom det er pengar til overs. Symptomatisk er at stillinga som sykkelkoordinator var noko av det første som vart foreslått fjerna då politikarane i Ålesund måtte ta ein ny kuttrunde nyleg.

I SV ønskjer vi at det i alle større vegprosjekt, særleg i tettbygde strok, skal leggast til rette for gåande og syklande. Vi vil ha auka utbygging av sammenhengande og fråskilde gang- og sykkelvegar, og påskjønne kommunar som vil gjere det lettare for syklistar å kome fram.

Vi er overtydde om at mange fleire ville ha valt sykkel som transportmiddel til og frå skule og arbeid om dei kjende seg trygge på at dei var skjerma frå biltrafikken. Slik det er i dag i mange byar og tettstadar er sykkel- og gangvegar bygde over korte strekningar, slik at syklistane plutseleg blir ført ut i biltrafikken, med dei ulempene som då kan oppstå både for mjuke og harde trafikantar.

Mykje av bilbruken er knytt til korte turar til arbeid, skule, butikk og fritidsaktivitetar. Ein stor del av denne trafikken kan erstattast av sykling og gange, dersom det er politisk vilje til det. Dei positive effektane er mange; Reinere luft, tryggare trafikk, sosial trivsel, betre folkehelse.

For SV er ikkje tilrettelegging for mjuke trafikantar noko som berre er kjekt å ha, og som kan kome til slutt dersom vi «har råd», men noko som skal prioriterast høgt der tilhøva ligg til rette for det. Med Birgit Oline Kjerstad på Stortinget frå hausten vil vi få ein god talsperson for dei mjuke trafikantane!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!