Politikarane på Molde har berre eitt alternativ, Møreaksen. Det er berre den undersjøiske tunnelen som det er snakk om.

Men for sunnmøringar startar turen på Sjøholt med 330 høgdemeter stigning til Ørskogfjellet og vidare 330 høgdemeter stigning frå lavaste punktet i tunnelen. Det vert samla 660 høgdemeter. Og med brua over Julsundet vert det rundt 700 høgdemeter. Stigning tur – retur Sjøholt-Molde blir 1400 høgdemeter.

Til samanlikning nokre vegar i nærområdet: To turar frå Åndalsnes til Lesja blir same stigning som Møreaksen. Og to turar Åndalsnes-Stigerøra på Trollstigen.

Ein tur Hotel Union i Geiranger til toppen av Dalsnibba har også same stigninga som Møreaksen. Eller 150–200 høgdemeter meir enn tur-retur Utvik–Byrkjelo over Utvikfjellet. Ved å leggje vegen over Romsdalsaksen vil ein spare 660 høgdemeter stigning.

Kva med forbruk av drivstoff og luftforureining? Møreaksen vert vel den desidert høgaste stigning i høgdemeter på vegen mellom Kristiansand og Trondheim.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!