Vi likar å tru at Norge er best i klassen i det meste, men det stemmer så langt ifrå her. Det er kan faktisk vere meir korrupsjon enn det indeksen indikerer. Det finst stygge eksempel på at landet indirekte har medverka til korrupsjon, f.eks. i Angola, via Norad og bistandspengar.

Men her heime får vi også klare signal om at vi må vere på vakt. Det kan vere vanskeleg å handheve, sidan « vi mangler vilje og verktøy til å sanksjonere interessekonflikter og sammenblanding av roller». Når same person snart sit på den eine sida av bordet og snart på den andre, vert situasjonen uoversiktleg. « Vi må være oppmerksomme på tette koplinger som gir personlig vinning og særfordeler til private aktører».

Ja, det er dette vi ser konturane av, særleg i energipolitikken og i vindkraftsbransjen!

Pengar kan påverke politisk makt

«For å sikre at politiske beslutninger tjener fellesskapet og ikke særinteressene til en økonomisk elite, må regelverk styrkes», seier generalsekretær Slettemark i TI. « Vi må fremme forståelse for at selv interessekonflikter er alvorlige», seier ho vidare. Dei har også hatt fokus på korleis pengar kan påverke politisk makt og val, noko som er meir enn interessant, ikkje minst i kampen mot vindindustrien, der så enorme verdiar står på spel.

Diverre synast det som om politikarar er meir opptekne av å støtte mektige investorar, heller enn å fokusere på kva som er bra for folk og land. Så får ein kalle fenomenet for det ein vil, men skummelt er det, og høgst udemokratisk!

Eva Joly: Korrupsjon er verre enn terrorisme

Eva Joly, kjend korrupsjonsjeger, er sitert i ein artikkel i Hus og bolig, 27.12.2017, (Kari Gjertrud Dølgaard) om at terrorisme er farleg for eit samfunn, men at «korrupsjon er verre. Den angriper samfunnskontrakten, og når den blir brutt, forsvinner tryggheten og samfunnsstrukturen vi kjenner og lever godt med».

Dette er noko vi kjenner oss igjen i, også lokalt, der somme på forunderleg vis får ture fram som dei lystar, tilsynelatande med styresmaktene sitt bifall. Korleis kan det gå føre seg? Det skremmer faktisk, og gjer ein som samfunnsborgar utrygg og oppgitt.

Vindkraftindustrien synest heva over lova

«I Norge er faren for korrupsjon og økonomisk kriminalitet størst i det offentlige, i byggebransjen og i oljerelatert virksomhet», konstaterer Eva Joly. Ho nemner også multinasjonale selskap som utnyttar norsk goodwill, utan å gi noko tilbake. «Klart dette skader samfunnet», seier ho vidare.

Ja, kvar og ein av oss som ser galskapen i vindindustrien, der profitt trumfar alt anna, og kjenner på kroppen at det skadar livsmotet og trua på rettferd. Sterke signal seier oss at mykje av det som skjer vert fordekt for vanlege folk.

Korleis går det med eit slikt demokrati, der tilliten til styresmaktene skrumpar inn og forsvinn? Denne skråsikkerheita og uviljen til å sjå det totale bildet som vindkraftforkjemparane stadig syner, er skremmande og farleg. Skal heile sanninga om saker kome fram, må alle sider kome på bordet og takast omsyn til, ikkje berre dei som passar inn i ei politisk retning.

Politisk sjølvrefleksjon

I sin sjølvbiografi «A promised land» grublar tidlegare president Barack Obama over «dybden og ektheten» i eigen idealisme når han søkjer makt. Det gjer inntrykk å lese om hans sjølvrefleksjonar, også over eiga svakheit og usikkerheit. Dette burde inspirere våre politikarar også, til å stoppe opp iblant, og reflektere over kva dei held på med og kven dei eigentleg tener!

Visst er det prisverdig at nokon tek på seg ansvar og oppgåver som politikarar, all ære til dei mange som er viljuge til det. Men noko synest å skje med somme som får makt. Dei higar etter meir makt og ære, og står i fare for å heve seg over oss andre, opp i sfærer der lova ikkje lenger gjeld for dei. Kan makt beruse og freiste til «høgt spel»?

Ein må ha trua på Barack Obama. Han bør på mange måtar stå som eit ideal for andre politikarar. Det kan vere nødvendig og svært viktig å reflektere over eigne roller og motiv, for ikkje å verte lydige statistar i spelet rundt EU sin energipolitikk og i finanseliten si harde profittjakt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!